Oppgåver om risikovurdering - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppgåver om risikovurdering

For å kunne vurdere risiko må du ha eit godt bilete av korleis verda rundt deg fungerer. Ofte feilvurderer vi risiko. I desse oppgåvene ber vi deg vurdere risiko knytt til vanlege aktivitetar.
  1. Beskriv med eigne ord kva hending, sannsyn, konsekvens og risiko betyr når vi snakkar om risikovurdering.
  2. Ta utgangspunkt i din eigen kvardag. Kva aktivitet trur du vil få størst konsekvensar viss noko går gale? Kva for ei uønskt hending er det størst sannsyn for i kvardagen din?
  3. Set du i verk eller har du sett i verk tiltak for å redusere konsekvensane av hendingar eller sannsynet for at dei skal oppstå? Kom gjerne med konkrete døme.
  4. Kor mange døyr kvart år av drukning, bilulykker og fallskjermhopping i Noreg?
  5. Ta utgangspunkt i tala dine frå oppgåve 4. Kan vi samanlikne tala direkte for å finne ut kva som er farlegast?
  6. Følg lenkja til Folkehelseinstituttets statistikk om skadearena og skadeårsak, og vurder statistikken for aldersgruppa di opp mot dei som er eldre og yngre. Kva seier tala, og kvifor trur du at det er forskjellar knytte til alder?
  7. Når vi skal vurdere risiko for ei bedrift / ein situasjon, gjennomfører vi ofte ein risikoanalyse. Søk på nettet, og beskriv korleis ein slik analyse blir gjennomført.

Relatert innhald

Fagstoff
Vurdere risiko

Å vurdere risiko er viktig for å halde oss trygge. Vi gjer det både privat og på jobb.

Fagstoff
Uønskte hendingar

Når vi skal gjennomføre en risikoanalyse, starter vi med å kartlegge mulige uønskede hendelser.

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 25.08.2020