Kvalitative og kvantitative metodar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvalitative og kvantitative metodar

Dei samfunnsvitskapelege arbeidsmetodane blir delt i to hoveddelar, ein kvantitativ og ein kvalitativ metodedel. Val av arbeidsmetode er som oftast bestemt av kva du skal undersøkje, og korleis forholda rundt det du skal undersøkje er.

Kvalitative metodar – undersøkingar tett på menneska

Er du sosialantropolog og skal undersøkje samhandlinga mellom menneske i ein annan kultur enn din eigen, kan det vere best å bruke ein kvalitativ metode framfor for eksempel å gjennomføre ei spørjeundersøking. Då vel du å observere samhandlinga mellom menneska du skal lære noko om, og du lever deg inn i og prøver å oppfatte heilskapen i kulturen og gruppa dei lever i. Vi kan seie at slike metodar går tett inn på individa, og gir mange opplysningar om få einingar. Menneska, som er dei som skal undersøkjast, blir kalla einingar.

Du kan observere på fleire ulike måtar. Ein moglegheit er deltakande observasjon. Då kan du velje å delta i for eksempel samhandlinga i den gruppa du skal undersøkje, og du prøver å forstå korleis menneska tenkjer, og kvifor dei handlar som dei gjer.

Deltakande observasjon kan vere open eller skjult. Open observasjon vil seie at dei andre menneska i gruppa veit at dei blir observerte, og dei veit kvifor du tek del i kvardagen deira. Ved skjult observasjon er undersøkinga halden hemmeleg medan ho føregår. Det er ulike grunngjevingar, fordelar og ulemper ved både open og skjult observasjon.

I tillegg til observasjon, kjem òg djuptgåande intervju og samtalar med menneska inn under det vi kallar kvalitative metodar.

Kvantitativ metode – breiskalaundersøkingar

Dersom vi ønsker å få vite noko om menneska i ei stor gruppe, som for eksempel haldningane til innvandrarar i eit land, kan det vere fornuftig å velje andre metodar enn kvalitative.

Kvantitative arbeidsmetodar er betre når du skal behandle mykje informasjon om mange menneske. Du samlar først inn data om dei menneska du vil undersøkje haldningene til, og deretter presenterer du svara med tal. Datamaterialet som du samlar inn, kan du behandle med spesielle statistiske teknikkar.

Spørjeundersøkingar er eit naturleg val dersom du vil skaffe informasjon om haldningane til menneska i eit land. Det er vanskeleg å spørje alle innbyggjarane i landet, men du kan velje ut for eksempel 1000 menneske i eit representativt utval. Då kan svara som dei gir, representere svara frå heile befolkninga. Det kallas å generalisere resultata. Det vil seie at du lar dei gjelde for større tilhøve enn akkurat dei du undersøkte.

I vårt moderne samfunn blir det samla inn store mengder informasjon som er tilgjengeleg for forsking. Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk senter for forskningsdata (NSD) er eksempel på to forskingsinstitusjonar som samlar inn, og gjer data tilgjengeleg for samfunnsforsking. Viss du bruker talmateriale som du sjølv har samla inn, kallar vi det for primærdata. Bruker du derimot data andre har samla inn før deg, seier vi at du bruker sekundærdata.

Skrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019