Kunstig intelligens og påverknad - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kunstig intelligens og påverknad

Ved hjelp av kunstig intelligens (KI) kan teknologi i dag sortere data og løyse problem på ein måte som etterliknar menneskeleg intelligens. Korleis påverkar dette oss som individ og samfunnsborgarar?

Velsigning eller forbanning?

Mange oppgåver som vanlegvis måtte løysast med menneskeleg intelligens, kan no gjerast av maskiner. Men kva skjer når teknologien beveger seg inn på område som før har vore reserverte for menneskeleg aktivitet? Vil det skape eit betre samfunn, eller kan vi ende opp med å bli styrt av teknologiske monster utan empati og moral?

Stipendiat Lisa Reutter ved NTNU viser til at svaret er avhengig av kva for eit grunnleggande syn vi har på teknologi og kunstig intelligens.

  • Vi kan oppfatte teknologi og kunstig intelligens som ei uavhengig kraft som blir utvikla på eigne premissar, og som over tid vil endre samfunnet vi lever i (teknologideterminisme).
  • Eller vi kan sjå på teknologien og kunstig intelligens som noko som er skapt av menneske ut frå eit sett av normer og verdiar for å utvikle samfunnet i den retninga vi ønsker (sosialt konstruert teknologi). (Reutter, u.å.)

Reflekter saman

Kven har skulda dersom ein sjølvkøyrande bil køyrer ned eit barn i ein fotgjengarovergang?

Arbeidsliv og kunstig intelligens

Ved hjelp av kunstig intelligens kan teknologi kategorisere og analysere informasjon i eit tempo som menneske ikkje kan konkurrere med. Maskiner treng ikkje å sove, ete eller hente i barnehagen. Dei er derfor mykje meir effektive enn oss menneske og kan komme fram til løysingar på kompliserte problem mykje raskare enn vi kan. Maskiner gjer dessutan færre feil.

Ei negativ side ved kunstig intelligens er at arbeidsgivaren din kanskje ikkje lenger har behov for deg og erstattar deg med ein robot. Men maskiner kan òg lære seg å utføre arbeidsoppgåver som er skadelege eller einsformige, og derfor lite attraktive. Det kan frigjere tid til andre og viktigare arbeidsoppgåver som utførast av menneske.

Kunstig intelligens og læring

Nokre digitale læringsmiljø bruker kunstig intelligens til å skreddarsy undervisninga slik at ho er tilpassa det nivået du som elev ligg på. Ved hjelp av data du allereie har lagt igjen på nettstaden, kan avanserte algoritmar brukast til å berekne kva du allereie kan, og kva du må øve meir på.

Ved hjelp av analyse av store informasjonsmengder er det òg mogleg å føreseie noko om framtida. Dersom datagrunnlaget blir utvida til å gjelde alt av personleg informasjon du har delt med andre, kan ein sjå for seg at undervisninga kan tilpassast til det yrket du ein gong i framtida kanskje vil velje eller passar til. Då får du ein heilt annan skulegang enn kompisen din, som har ein annan digital profil enn deg.

Ei slik opplæring er effektiv for deg og billegare for styresmaktene. Samtidig har ho ein skremmande dimensjon. Kven eig eigentleg dataa om deg som person? Korleis sikrar du deg at dei ikkje blir misbrukte? Og ønsker du at livet ditt skal vere bestemd på førehand? Kanskje har du i framtida lyst til å gjere heilt andre val enn dei du har gjort til no.

Diskuter med ein medelev

  • Nokre lærarar er bekymra over at elevar nyttar seg av omsetjingsprogram som set om nesten feilfritt frå bokmål til nynorsk når dei skriv nynorskstil. Kva meiner du? Er det juks, eller er det ei effektivisering av arbeidsprosessen?
  • I Kina bruker dei ansiktsgjenkjenning til å sjekke oppmøte på skulen og om elevane følger med i timen. Er det positivt eller negativt?

Styresmaktene ser deg

Når du passerer passkontrollen på Gardermoen, sørger ei maskin for å kjenne igjen ansiktet ditt og kontrollere at du er den same personen som personen på passbiletet ditt. På den måten slepp du å stå i endelause passkøar. I Kina kan du no til og med betale med ansiktet ditt!

Men kunstig intelligens, ansiktsgjenkjenning og talegjenkjenning kan òg brukast av styresmakter som ønsker å overvake befolkninga, til dømes for å identifisere kriminelle eller opposisjonelle.

I eit debattinnlegg i Dagbladet hevdar professor Bernt Hagtvet at Kina samlar inn enorme mengder informasjon om det politiske truverdet, åtferda, ytringar og konsumet til innbyggarane, for deretter å rangere dei opp mot det regimet oppfattar som kjenneteikn ved idealborgaren (Hagtvet, 2018).

Personvern og demokratisk kontroll

Norske styresmakter meiner at å bruke kunstig intelligens er ein føresetnad for eit berekraftig velferdssamfunn, men understrekar at utviklinga må skje på ein måte som respekterer menneskerettar, personvern og demokrati.

Personvernlovgivinga i Noreg har derfor strenge reglar for overvaking og lagring av data om enkeltpersonar. Problemet er berre at nettaktørane tilbyr tenestene sine på ein måte som gjer at vi må gi dei løyve til å samle inn data om oss for å tilgang til tenestene.

Metodane dei store teknologiselskapa bruker til å hente inn og analysere informasjon, er heller ikkje allment kjende, og nasjonale styresmakter har derfor dårleg kontroll over kva slags informasjon som blir samla inn, og korleis denne blir nytta.

Kunstig intelligens kan reprodusere fordommar

I strategien til regjeringa for utvikling av løysingar basert på kunstig intelligens er det lagt vekt på inkludering, mangfald og likebehandling (Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2020). Ein fagartikkel om kunstig intelligens hos Kilden kjønnsforskning.no peiker likevel på at algoritmane kunstige intelligensar bruker til å føresjå framtida, er basert på fortida. Det er derfor lett å tenke seg at kunstige intelligensar kan reprodusere fordommane våre i staden for at dei bidreg til å utvikle samfunn og tankemønster i ei ny retning.

– Kunstig intelligens er en styrke for de aller fleste fagfelt. Samtidig må vi ikke glemme at den utvikles av mennesker. Da må vi sikre oss at ikke teknologien forsterker stereotypiske holdninger som mennesker har, sier likestillings- og diskrimineringsombud Hanne Bjurstrøm. (Stova, 2020)

Produksjon av djupfeikar ved hjelp av kunstig intelligens

Omgrepet djupfeik (deepfake) blir brukt om innhald som er manipulert og fordreidd på ein slik måte at det er nærast umogleg å avsløre, og som blir brukt til å spreie falsk informasjon.

Kunstig intelligens kan brukast til å endre innhaldet i stillbilete, videoar og lydproduksjonar på ein måte som er vanskeleg å avsløre. Slik blir vi lurt til å tru at gitte personar har delteke på noko eller sagt noko, utan at det har skjedd i verkelegheita.

Djupfeikar er derfor eit effektivt verkemiddel i propaganda, desinformasjon og konspirasjonsteoriar. Det finst òg døme på at djupfeikar har vorte brukte i samband med mobbing og utpressing.

Slik fungerer djupfeikar (video laga av Tenk og Medietilsynet). Video: Medietilsynet / Avgrensa bruksrett

Til fordjuping

Medietilsynet har laga eit undervisningsopplegg om djupfeikar. Her kan du lese meir om korleis algoritmar og enkle dataprogram kan brukast til å manipulere både ansikt og stemmer i ein video:

Medietilsynet: Deepfakes – et undervisningsopplegg om kritisk medieforståelse

Kjelder

Hagtvet, B. (2018, 26. januar). George Orwell som Kinas læremester. Dagbladet. https://www.dagbladet.no/kultur/george-orwell-som-kinas-laeremester/69377748

Kommunal- og moderniseringsdepartementet. (2020, 14. januar). Nasjonal strategi for kunstig intelligens. Regjeringen.no. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nasjonal-strategi-for-kunstig-intelligens/id2685594/

Reutter, L. (u.å.). Et kunstig intelligent samfunn. NTNU. Henta 27. november 2020 frå https://www.ntnu.no/web/iss/et-kunstig-intelligent-samfunn

Stova E. A. W. (2020, 29. oktober). Kan kunstig intelligens påvirke likestillingen? Kilden kjønnsforskning.no. http://kjonnsforskning.no/nb/2020/10/kan-kunstig-intelligens-pavirke-likestillingen

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2020