Identitetstjuveri - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Identitetstjuveri

Når det har vore merksemd kring identitetstjuveri, har det først og fremst vore fokusert på dei problema det fører med seg for personar som får identiteten sin stolen. Men identitetstjuveri er også eit aukande problem for verksemder.

Når nokon stel identiteten til andre, er det vanlegvis for å kunne svindle til seg varer eller tenester. I første omgang skaper dette store problem for dei som må bevise at dei verken har bestilt eller fått varer, men til slutt er det gjerne verksemdene som blir sitjande att med tapet. Dermed blir identitetstjuveri også eit problem for dei verksemdene som blir utsette for svindlarar med falsk identitet.

På nettsida nettvett.no finst informasjon om identitetstjuveri og råd om kva forholdsreglar både privatpersonar og verksemder bør ta for å verne seg.

For å redusere risikoen for å bli svindla tilrår NorSIS at verksemder bør

  • ha ein rutine for å sjekke legitimasjon før dei gjer avtalar med nye kundar eller kundar dei ikkje kjenner
  • bruke ei form for sikker elektronisk ID som signatur frå kundar som bestiller på Internett, for eksempel BankID
  • kryptere viktig informasjon som blir utveksla med kundar via nettsider eller e-post

Verksemder har også eit ansvar for ikkje å bidra til å gjere det enklare å få tilgang til personinformasjon som kan brukast av ein identitetstjuv. Det vil seie at vi må vere restriktive med kva informasjon vi registrerer om kundane og korleis vi behandlar kundeinformasjon. Ei verksemd bør

  • ikkje samle inn eller registrere meir informasjon enn det som er nødvendig for å ta hand om kundeforholdet
  • regelmessig slette kundeinformasjon ho ikkje lenger treng
  • berre gi tilsette som treng det, tilgang til kundeinformasjon

Identiteten til verksemda kan også blir misbrukt

Sjølv om det er mest merksemd retta mot dei problema falske kundar skaper, kan ei verksemd også blir direkte utsett for identitetstjuveri.

Verksemda bør ha reglar for kven som kan publisere informasjon om henne på nettsider og sosiale media, og kva det er lov til å publisere, slik at det ikkje blir lagt ut informasjon som kan misbrukast til å lage falske kunde- eller bedriftsprofilar.

Eit døme som det ofte blir referert til, er det nystarta firmaet som la ut firmaattesten sin på nettsidene sine. Det tok ikkje lang tid før nokon skreiv ut ein kopi som blei brukt til å bestille store mengder varer på kreditt i namnet til firmaet.

Alle verksemder må derfor også ha tydelege reglar for kven som kan opprette kredittavtalar for verksemda (signaturrett).

Skrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020