Klar ferdig kreativ (KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, viser korleis ein kan bryte ned idéutviklinga i fire fasar. Den andre fasen er idémyldringsfasen. For å klare å vere kreativ på bestilling, må du beherske nokre teknikkar.
Når du veit noko om kva du skal lage, og kva som er måla til oppdragsgivaren, er det klart for å gå i gang med idémyldring. For å klare å gjere det på kommando er det viktig å kjenne til ulike teknikkar for å få idéane fram.
Kreativitet er som ein muskel; Han blir sterkare jo meir du trener, så øv deg på å vere kreativ. Her er nokre tips i idémyldringsfasen:
Set hjernen i frigir: Alt er lov! I staden for å seie «nei» eller «men», sei «ja» og «så».
Bruk penn og papir, ikkje datamaskin.
Jobb gjerne saman med andre.
Jobb på ein annan stad enn der du vanlegvis jobbar – kom deg ut!