Korleis skrive fagartikkel? - Skriv avslutninga - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Korleis skrive fagartikkel?

Oppgåve

Skriv avslutninga til ein fagartikkel

Har du høyrt om "å bite seg sjølv i halen"? Det er ei god gammal oppskrift du bør ha i bakhovudet når du skriv avslutningar.

Tips

Når du er ferdig med både innleiing og hovuddel, er det berre “sjarmøretappen” som står att: Avslutninga. Skriv alltid eit eige avsnitt som skal fungere som avslutning.

Eit godt tips før du skriv avslutninga, er å skrive ho like etter du har skrive innleiinga. Då kan du nemleg få til det som kallast "slangen bit seg sjølv i halen" – eller sirkelkomposisjon.

Oppgåve 1

Oppgåve 2

Skriv ei avslutning til ein fagartikkel om ungdom og press. Hugs å bruke dei første setningane til å gripe fatt i innleiinga du har skrive.

Relatert innhald

Kjelde

Hyrve, I.G. (13.03.2014). "Å velge landet framfor byen" i nettmagasinet Harvest. Henta frå https://www.harvestmagazine.no/artikkel/hvor-skal-vi-bo-i-byen-eller-pa-landet

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2019