Kva er kjønnsmangfald? - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er kjønnsmangfald?

Det store mangfaldet av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk som finst blant menneske, kallar vi kjønnsmangfald. I denne artikkelen skal vi sjå nærare på kva dette mangfaldet omfattar, og kva slags ord og omgrep som blir brukte når vi snakkar om kjønnsmangfald.

Cis og trans

Dei fleste menneske identifiserer seg med det kjønnet dei blei registrerte som ved fødselen. Dei fleste som til dømes blir registrerte som jente ved fødselen, lever som jente og kvinne og opplever ikkje nokon problematiske kjensler knytt til dette. Dei av oss som opplever det sånn, blir kalla cispersonar.

Det finst likevel somme – anslagsvis mellom 0,1 % og 2,7 % av befolkninga – som ikkje identifiserer seg med det kjønnet dei blei registrerte som ved fødselen. Dette er dei av oss som blir registrerte som jente eller gut ved fødselen, men som etter kvart byrjar å oppleve at dette ikkje stemmer med den dei er. Dei av oss som opplever det slik, blir ofte omtalt som transpersonar.

Viss dei aller fleste menneska er cispersonar, kvifor treng vi då eit eige omgrep for å vere cis? Gjennom å ha eit omgrep for majoriteten (fleirtalet) unngår ein å skape eit ekskluderande og stigmatiserande skilje mellom dei av oss som lever i tråd med norma (altså cispersonar) og dei av oss som bryt med norma (altså transpersonar). Vi har alle ein kjønnsidentitet, og cispersonar er ein del av kjønnsmangfaldet, akkurat som transpersonar.

Somme kan vere usikre på korleis vi skal omtale cis- og transpersonar. Er du ein cisperson, seier vi at du er ciskjønna, eller berre cis. Er du ein transperson, seier vi at du er trankjønna, eller berre trans.

Ulike typar transpersonar

Trans er eit paraplyomgrep som omfattar mange ulike typar kjønnsidentitetar. Mange transpersonar er kvinner (som blei registrerte som gutar ved fødselen) og menn (som blei registrerte som jenter ved fødselen). Dei blir ofte kalla transkvinner og transmenn. Men det finst mange fleire kjønnsidentitetar enn berre mann og kvinne. Somme har til dømes ein identitet som flyt mellom mannleg og kvinneleg, somme reknar seg som eit tredje kjønn som verken er mann eller kvinne, somme reknar seg som fleire kjønn på ein gong, og somme reknar seg ikkje som noko kjønn i det heile.

Folk som har ein kjønnsidentitet som ikkje er anten berre mann eller berre kvinne, blir ofte kalla ikkje-binære. "Binær" betyr todelt. At nokon er ikkje-binær, betyr at dei ikkje passar inn i den todelte kjønnsmodellen der menneska blir sett på som inndelte i menn og kvinner. Ikkje-binære personar blir òg rekna som transpersonar, sjølv om ikkje alle bruker ordet "trans" om seg sjølv.

Ikkje-binære menneske har alltid eksistert, og ikkje-binære kjønnsidentitetar har vore anerkjende i ei rekkje kulturar opp gjennom historia.

Personlege pronomen

På norsk, og på mange andre språk, er personlege pronomen knytte til kjønn. Transkvinner og transmenn bruker som oftast pronomena "ho" og "han", akkurat som cispersonar gjer. Dei av oss som er ikkje-binære, bruker ulike personlege pronomen avhengig av kva slags kjønnsidentitet dei har.

  • Mange bruker det kjønnsnøytrale pronomenet "hen", og somme bruker "dei" eller andre pronomen.

  • Somme bruker ikkje pronomen i det heile, men føretrekkjer å berre bli omtalt med namn.

  • Det finst òg somme som bruker fleire enn eitt pronomen (til dømes både "hen" og "ho").

Ikkje alle språk uttrykkjer kjønn gjennom personlege pronomen. På nordsamisk blir pronomenet son (uttalt "sånn") brukt for personar av alle kjønn, og det same gjeld hän (uttalt "hænn") på kvensk og finsk.

Å bli sett og anerkjent som den ein er, er heilt grunnleggjande for god sjølvkjensle og mental helse. Når vi snakkar med, eller om, ein annan person, bør vi alltid bruke det namnet og det pronomenet personen sjølv ønskjer å bruke.

Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Alle menneske uttrykkjer seg ulikt. Vi har til dømes ulikt kroppsspråk og bruker ulike klede. Uttrykksmåtane våre handlar mykje om stil, smak og personlegdom, men visse uttrykk er òg nært knytte til oppfatningar om kjønn. Når ting som klesstil og åtferd ikkje berre uttrykkjer personlegdommen vår, men også kjønnet vårt, kallar vi det kjønnsuttrykket.

Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk kan hengje saman, men dei treng ikkje nødvendigvis å gjere det. Somme gutar og menn liker å gå i klede som ofte blir assosierte med jenter og kvinner (til dømes kjolar). Somme jenter og kvinner liker å ha kort hår og synest betre om å gå i dress enn i kjole – ting som ofte blir assosierte med gutar og menn. Dette gjeld både cisfolk og transfolk. Transfolk har like stor variasjon i kjønnsuttrykk som cispersonar har. Mange menneske bruker kjønnsuttrykket for å sende signal om identiteten sin, men det er ikkje uttrykket som definerer identiteten.

Kjønnsidentitet og seksuell orientering

Mange blandar ofte saman kjønnsidentitet og seksuell orientering. Somme spør kanskje kvifor ei transkvinne, som blei registrert som gut ved fødselen, transisjonerer til å leve som kvinne sjølv om ho er tiltrekt av kvinner.

Svaret er at kjønnsidentitet og seksuell orientering er to ulike ting. Transpersonar kan vere heterofile, bifile, homofile, lesbiske, og så vidare, akkurat på same måten som cispersonar. Ei transkvinne som blir tiltrekt og forelskar seg i kvinner, kan til dømes definere seg som lesbisk eller bifil.

Kjønnsinkongruens og kjønnsdysfori

Somme opplever at det kjønnet dei blei registrerte som ved fødselen, ikkje stemmer. Når denne opplevinga er tydeleg og varer over lengre tid, blir det kalla kjønnsinkongruens. Inkongruens betyr at noko ikkje passar saman. Kjønnsinkongruens er ikkje ei psykisk liding, og det å vere trans er ikkje nødvendigvis vondt og vanskeleg i seg sjølv.

Når kjønnsinkongruens går over i ubehag, til dømes eit ubehag som er knytt til at kroppen ser annleis ut enn du skulle ønskje, blir det kalla kjønnsdysfori (ubehag). Alle transpersonar opplever kjønnsinkongruens, men ikkje alle transpersonar opplever kjønnsdysfori.

I Noreg finst det òg somme som bruker omgrepet "fødd i feil kropp". Det er likevel ikkje alle som liker dette omgrepet, sidan det kan oppfattast som at det er noko feil med den ein er, og då kroppen spesielt. Ein bør derfor vere varsam med å bruke omgrepet "fødd i feil kropp" om personar som ikkje bruker det omgrepet om seg sjølv.

Transisjon

Å gå frå å leve som det kjønnet ein blei registrert som ved fødselen, til det kjønnet ein sjølv føler at ein er, blir kalla kjønnstransisjon eller berre transisjon. Transisjon betyr overgang.

Alle transpersonar gjennomgår transisjon på sin eigen måte. I samfunnet vårt går ein stort sett ut i frå at alle er cis inntil det motsette er bevist, og transpersonar er derfor som regel nøydde til å kome ut, altså seie frå til andre om at dei er trans. Det å kome ut inneber til dømes at ein seier frå om kva for eit eller kva for nokre namn ein ønskjer å bruke, og også om kva for eit eller kva for nokre pronomen ein ønskjer å bruke. Den vidare prosessen med å venje seg til å leve i samfunnet som det kjønnet ein er, blir kalla sosial transisjon. Mange transpersonar ønskjer i tillegg å gjennomgå kjønnsbekreftande behandling, altså ulike former for kroppsleg eller medisinsk behandling som gjer at ein kan leve meir i tråd med eigen kjønnsidentitet. Kjønnsbekreftande behandling omfattar mykje ulikt, mellom anna hormonterapi, ulike former for kirurgi, hårfjerning og stemmetrening.

Somme transpersonar ønskjer mykje behandling, mens andre ønskjer mindre. Somme vel kanskje hormonell behandling, men ikkje kirurgi. Somme vel kanskje berre enkelte typar kirurgi. Det finst òg transpersonar som ikkje gjennomgår kjønnsbekreftande behandling i det heile. Kvar og ein kjenner sine eigne behov best.

Denne artikkelen er skriven av Rosa kompetanse

Kjenner du deg igjen i noko av dette og treng nokon å prate med?

Viss du opplever kjønnsdysfori, eller treng nokon å snakke med om kjønnsidentitet og seksuell orientering, kan du ta kontakt med:

Repetisjonskviss

Kjelder

Connell, R. (2021). Gender In World Perspective. 4. utgave. Cambridge, UK & Medford, MA. USA: Polity Press.

FRI og Skeiv Ungdom: Mannen, kvinnen & meg. https://drive.google.com/file/d/0bzn6lng_kg0dnkx5vhfzt1nkdue/view (henta 22.4.2021)

Jakobsen, S. E. (2018, 27. juni). “WHO: Transpersoner er ikke psykisk syke”. Forskning.no. https://forskning.no/sex/who-transpersoner-er-ikke-psykisk-syke/1193973 (henta 28.4.2021)

Nøttveit, A. R. (2016, 3. desember). “Kjønnar du?” Framtida.no https://framtida.no/2016/12/03/kjonnar-du (henta 28.4.2021)

Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI): “Hva er kjønnsinkongruens?” URL: https://kjonnsinkongruens.no/kjonnsinkongruens/ (henta 28.4.2021)

Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI): “Hvor vanlig er kjønnsinkongruens?” https://kjonnsinkongruens.no/kjonnsinkongruens/hvor-mange-er-trans/ (henta 22.4.2021)

PBS (2015, 11. august). “A Map of Gender-Diverse Cultures”. https://www.pbs.org/independentlens/content/two-spirits_map-html/ (henta 28.4.2021)

Kursopplegget til rosa kompetanse HOMO sapiens

Skrive av Miriam Aurora Hammeren Pedersen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021