Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Gul bolle – leik og lær fagomgrep

Fagomgrep er viktig i geografi. Her kan du bruke spelet gul bolle til å lære fagomgrep på ein morosam og engasjerande måte.

Kort om gjennomføring

De må vere minst to personar, men spelet fungerer best i lag på fire–fem personar.

Spelet består av ei førebuande øving og tre rundar.

Vinnaren er det laget som klarer flest omgrep i løpet av spelet. Dersom to eller fleire lag klarer like mange omgrep, er det det laget som bruker kortast tid på alle dei tre rundane, som vinn.

Førebuande øving

  • Del dykk i lag på fire–fem personar.

  • Kvar deltakar på laget tek to lappar og skriv ned eit fagomgrep på kvar lapp. Legg lappane i ein bolle.

  • Kvar deltakar trekker to lappar frå bollen.

  • Lær dykk betydninga av omgrepa de har trekt. Bruk gjerne ndla.no, læreboka eller andre truverdige kjelder.

  • Når alle kan omgrepa dei har trekt, er de klare til å starte.

  • Det er lov å bruke ndla.no eller læreboka undervegs i spelet òg.

No er det berre å setje i gang!

Døme: fagomgrep i emnet Demografi og levekår

  • fødselsrate

  • dødsrate

  • befolkningsvekst

  • naturleg tilvekst

  • samla fruktbarheitstal

  • demografisk tregleik

  • urbanisering

  • forventa levealder

  • spedbarnsdødelegheit

  • befolkningspyramide

  • migrasjon

  • flyktningar

  • demografisk overgangsmodell

  • befolkningspolitikk (pronatalistisk/antinatalistisk)

  • HDI (Human Development Index)

  • levestandard

  • levekår

  • livsgrunnlag

  • berekraftig utvikling

  • overbefolkning

  • underbefolkning

  • slum

Runde 1: Alias

Første runde går føre seg som brettspelet Alias.

  • Kvar deltakar forklarer fagomgrepa sine for laget etter tur.

  • De kan ikkje seie omgrepet eller delar av det.

  • Klarer laget å gjette omgrepet, legg de lappen i ein eigen bunke som skal tilbake i bollen til runde 2. Klarer de ikkje å gjette, legg de lappen til side og tek han ut av spelet.

Døme

Du trekker omgrepet fødselsrate. Fødselsrate kan definerast som "kor mange levandefødde det er i eit år per tusen innbyggar". Du må då prøve å forklare dette utan å seie "fødselsrate". Det er heller ikkje lov å seie "fødsel" eller "rate", altså å dele opp ordet. Ei forklaring kan då vere "så mange som kjem til verda i løpet av eit år per tusen innbyggar". Dei andre deltakarane gjettar då forhåpentlegvis rett, og det er nestemann sin tur.

Runde 2: Miming

Denne runden liknar brettspelet Fantasi. Før runden startar, legg de alle fagomgrepa de klarte i runde 1, tilbake i bollen.

  • Trekk ein lapp frå bollen.

  • Mim fagomgrepet utan lyd.

  • Laget gjettar kva omgrep det er.

  • De veit allereie kva åtte–ti omgrep som er med, så det blir lettare

  • De får poeng for kvart omgrep de gjettar rett.

  • Klarer laget å gjette omgrepet, legg de lappen i ein eigen bunke som skal tilbake i bollen til runde 3.

  • Om det er eit omgrep de klarte i runde 1, men ikkje i runde 2, tek de dette ut av spelet. Skriv gjerne "Teken ut i runde 2" bak på lappen. Då har de kontroll på kor lenge fagomgrepet var i spel.

Døme

Du skal mime fagomgrepet fødselsrate. Du må få dei andre til å tenke på dette omgrepet, og det lettaste vil kanskje vere å mime ein fødsel? På tide å legge vekk skamma og prøve! Med ein gong resten av laget skjønner kva du mimar, vil dei komme på omgrepet og rope det ut, og det er nestemann sin tur.

Runde 3: Eitt ord

Før runden startar, legg de alle fagomgrepa som vart gjetta rett i runde 2, tilbake i bollen. No er ikkje omgrepa så ukjende lenger, så no blir vanskegraden auka.

  • Si berre eitt ord for å beskrive omgrepet. Ordet kan ikkje vere heile eller delar av omgrepet.

  • Ordet må finnast i ordboka og kan ikkje vere ei tilfeldig samansetjing.

  • Dersom ingen klarer det, tar de lappen ut av bollen og merkar han med "Teken ut i runde 3".

Døme

Du skal no seie eitt ord som får dei andre til å tenke på fagomgrepet fødselsrate. Kanskje det held å seie "barn" eller "baby"?. Vel ordet med omhug; når det er sagt, får du ikkje prøve igjen.

Avslutning

Til slutt tel de opp poenga. Laget får eit poeng per lapp som vart gjetta rett per runde. Det vil seie at dersom laget har fem deltakarar, startar de med ti lappar i bollen. Klarer alle deltakarane alle lappane i runde 1, får de 1 poeng per lapp, og de får altså 10 poeng. Slik held det fram alle dei tre rundane. Det maksimale talet på poeng blir då 30 poeng.

Dersom to lag har like mange poeng etter tre rundar, er det det laget som brukte kortast tid, som vinn.

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 15.12.2025