Glasblåsar
Film: Glass og teknikk
Martin Johansson jobbar ved Hadeland glassverk. I denne filmen (lengde 3:33) fortel han om kva eigenskapar glas har som materiale, og han gir oss eit innblikk i korleis det er å jobbe som glasblåsar.
Formgiving
Glas er sand og andre råstoff som er smelta til ein elastisk masse som blir forma til ulike produkt.
Glasblåsarar produserer vinglas, tumblerglas og kunstglas. I denne prosessen utarbeider dei arbeidsteikningar og skisser. Dei kan teikne og måle motiv og ornament på frihand og med sjablongar for å dekorere glaset. I tillegg bruker dei teknikkar innan gravering, etsing og sandblåsing.
Film: Tradisjonshandverk: glassblåser
Stine Hoff har drive glasblåsarverkstad sidan 1992. I denne filmen frå 2010 (lengde 9:00) viser ho korleis ho utfører handverket saman med lærlingane sine.
Eigenskapar
Som glasblåsar må du ha forståing for form, estetikk og farge knytt til glasprodukt. Du må òg ha kunnskapar om nye og tidlegare produksjonsmetodar, materiale, verktøy og dessutan teknikkar som gjeld varm og kald omarbeiding av glas.
Utdanning
Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga kallast særløp. Glasblåsar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er glasblåsar.