Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Frisør

Ein frisør har mange ulike arbeidsoppgåver. Det kan vere klipp, farge, frisyreforming av kort eller langt hår, permanent, barbering og farging av vippar og bryn. Å gi kunden god rettleiing og ei god oppleving er ein viktig del av jobben.

Arbeidsoppgåver

Vanlege arbeidsoppgåver er sjamponering, klipp, strukturbehandling, fargebehandlingar og ulike typar fargedesign og frisyreforming av hår. Du skal kunne gi råd og rettleiing ut frå kva kundane har av ønske og behov. I tillegg bør du marknadsføre deg sjølv og arbeidsplassen og skape gode kunderelasjonar.

Eigenskapar

Som frisør må du like å jobbe med menneske. God dialog med kundar og kollegaer er ein viktig del av jobben. Du bør vere kreativ, ha sans for stil, form og farge og ha evne til å oppdatere deg fagleg. Motebiletet endrar seg stadig, og nye trendar krev nye teknikkar og ferdigheiter.

Utdanning

For å bli frisør startar du med to år på vidaregåande skule. På vg1 vel du frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, og på vg2 vel du frisør. Etterpå går du to år i lære i bedrift. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev, og yrkestittelen er frisør.

Oppsummeringsoppgåve

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 13.04.2026