Forskingsrapporten - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Forskingsrapporten

Forskingsrapporten skal formidle kunnskapen forskaren eller forskarane har komme fram til i løpet av prosjektet.

Klar og etterprøvbar formidling

Forskarane må oppfylle visse krav ved formidling og publisering av resultata: Dei skal skrive klart og eintydig, slik at ein så langt som råd er unngår misforståingar. Dei skal òg grunngi resultata og diskutere forhold som ikkje passar med konklusjonane.

Presentér problemstillinga

Ein forskingsrapport bør innehalde ei innleiing der problemstillinga blir presentert og der de grunngir dei vala de har teke. Det er viktig å gjere det heilt klart for lesaren kva som er problemstillinga som er undersøkt. Dersom problemstillinga er knytt til lokale forhold, kan de ikkje rekne med at alle lesarane kjenner til desse forholda. Problemstillinga bør derfor presenterast på ein slik måte at utanforståande som ikkje kjenner staden, kan forstå ho.

Generelt bør de også reflektere omkring problemstillinga. Ho bør grunngivast og diskuterast, og eventuelt setjast i samanheng med det de allereie veit om emnet frå før. Ta med tilvisingar til faglitteratur eller andre kjelder som har vore til hjelp eller inspirasjon.

Gjer greie for forskingsopplegget

De skal også gjere greie for forskingsopplegget og for korleis dere har samla inn datamaterialet, for det er dette resultata dykkar byggjer på. Her kan de med fordel gjere greie for kva for val og problem som oppstod undervegs i prosessen og korleis de løyste desse. Spørjeskjema, intervjuguidar og liknande skal vere vedlegg til rapporten.

Presentér og diskutér det empiriske materialet

Deretter bør de presentere det empiriske materialet og diskutere korleis det kastar lys på problemstillinga, og korleis det eventuelt støttar eller svekkjer framsette hypotesar. Materialet kan presenterast på ulike måtar, avhengig av typen data de tek utgangspunkt i. I gjennomgangen av dei ulike analyseteknikkane finn de nokre eksempel på korleis de kan presentere ulike slags data. Hovudformålet er likevel det same uansett forskingsopplegg: Det empiriske materialet skal brukast til å kaste lys på problemstillinga(ne).

Presentasjon av empiri i kvantitative undersøkingar

  • Både talet på personar som svarte og svarprosenten skal vere med.
  • Gjer greie for korleis materialet er bearbeidd og analysert.
  • Tabellar gir meir presis informasjon enn grafiske framstillingar. Bruker de grafisk framstilling, er det ein fordel om de også set inn den relative fordelinga (prosentfordelinga) i grafikken.
  • Tabellar og grafikk må være forståelege, dei må ha ein topptekst, og det må gå klart fram om dei viser prosenttal (relativ fordeling), eller om det er snakk om faktisk fordeling, det vil seie at oversiktene viser talet på personar som har svart på ein bestemt måte.
  • Alle tabellar og resultat som er med i hovudteksten, skal kommenterast. Dersom de vil ta med mange tabellar eller presentere alle resultata, kan desse takast inn som eit vedlegg til slutt i rapporten.

Vel ein interessant tittel

Tittelen på forskingsrapporten bør hengje tett saman med problem-stillinga. Men de treng ikkje bruke heile problemstillinga som tittel. Prøv i staden å finne ein kort og interessevekkjande tittel som samtidig er dekkjande for innhaldet.

Forslag til struktur i forskingsrapporten

  • Presentasjon av tema og problemstilling(ane) de har valt å undersøkje, og ei forklaring på kvifor de har valt dette temaet. Eventuelt presentasjon av hypotesar.
  • Forskingsopplegget

    • Val av metode
    • Empirisk materiale (korleis det er samla inn, bearbeidd osv.)
  • Teoretisk perspektiv eller anna forsking på temaet
  • Presentasjon og drøfting av funn
  • Oppsummering og konklusjon
  • Litteraturliste
  • Vedlegg

    • Spørjeskjema, intervjuguide og liknande
    • Eventuelt utfyllande kvantitative analysar av materialet som ikkje er diskutert i rapporten
    • Ei komplett liste over kvalitative kjelder som analysen byggjer på
Rettshavar: Holbergprisen i skolen, UIB
Sist fagleg oppdatert 06.03.2018