Falske nyheiter - Kva er falske nyheiter? - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Falske nyheiter

Fagartikkel

Kva er falske nyheiter?

Den amerikanske presidentvalkampen hausten 2016 sette omgrepet "falske nyheiter" på dagsordenen. Omgrepet er seinare mykje brukt, både av politikarar og i kommentarar skrivne av vanlege folk. Men kva er eigentleg ei falsk nyheit?

Denne svenske dokumentarfilmen (13 min) viser korleis falske nyheiter oppstår, kva konsekvensar dei kan få, og korleis du kan sjekke om ei nyheit er falsk.

Kva er ei falsk nyheit?

Det er mange ulike definisjonar på kva falske nyheiter er for noko, og dei er ofte forvirrande. Eigentleg har falske nyheiter lite med nyheiter å gjere, det er berre formatet som liknar.

Det finst ingen offisiell definisjon av falske nyheiter, men NRK tek utgangspunkt i denne definisjonen:

Falske nyheter er nyheter som bevisst er funnet på eller forvrengt med hensikt. En falsk nyhet vil ofte se ut som en vanlig nyhetssak, men det som står der, har aldri skjedd. (Åsberg, 2017)

Medieforskar Bente Kalsnes har følgande definisjon:

Nyheter som fremstår som ekte, men som helt eller delvis er basert på løgn. Avsenderen og distributøren kan være mer eller mindre bevisst på løgnen.

Falske nyheiter handlar om informasjon som er framstilt som nyheiter, som er heilt eller delvis falske, og det er ofte ei bevisst hensikt bak.

Til ettertanke

Studer dei to definisjonane over. På kva måte er dei forskjellige? Kva definisjon meiner du dekker best di forståing av kva ei falsk nyheit er? Del refleksjonane dine med ein medelev og til slutt med heile klassen.

Ulike former for usann informasjon

Vi kan dele usann informasjon inn i sju ulike typar:

1. Satire

Satire er eit verkemiddel som blir brukt for å latterleggjere eit fenomen. Ofte blir slike angrep retta mot folk som har makt i samfunnet. Då blir handlingane og meiningane deira sette inn i ein ny kontekst, til dømes i form av fiktive nyheitssendingar. Norsk døme på satire er Satiriks, NRK si satireside. Den mest kjende satiresida internasjonalt er kanskje The Onion.

Hensikta med satiren er å underhalde, men det kan òg vere å påverke politisk.

2. Innhald som er fullstendig falskt

I juli 2016 kunne nettstaden WTOE 5 News opplyse at pave Frans støtta Donald Trumps presidentkandidatur. Innhaldet i denne nyheitsmeldinga var reint oppspinn. I kjølvatnet av pandemien Covid-19 dukka det raskt opp liknande saker, med feilinformasjon som var fullstendig falsk. Det oppstod ei form for "pandemi av helseløgner". Sjå tre artiklar frå Faktisk.no:

Å følge slike feilaktige helseråd kan i verste fall føre til dødsfall. Minst 44 personar døde av metanolforgifting i Iran etter å ha drukke heimebrent i eit forsøk på å beskytte seg mot Covid-19-viruset.

Hensikta med slike fullstendig falske nyheiter kan vere å underhalde, drive med "trolling", påverke politisk, få økonomisk gevinst eller svekke tilliten til media. I aukande grad er det eit ønske om å få auka trafikk til nettstadane sine for å tene pengar på annonsar.

3. Falske bilete

Det er fort gjort å spreie falske bilete. Anten blir det gjort med hensikt, eller det skjer fordi ein ikkje har sjekka bileta godt nok på førehand. Eit døme på korleis falske bilete kan brukast, kan du sjå i ABC Nyheters artikkel: "Høyretopp sprer falske nyheter".

I samband med Covid-19-utbruddet i Italia dukka det opp bilete med delfinar frå Venezia. I ettertid har det vist seg at bileta var tekne ved Cagliari, ein anna stad i Italia (sjå artikkelen "Debunked: Video does NOT show dolphins in Venice's cannals" på Euronews).

Hensikta med slike falske bilete kan vere å underhalde, drive med "trolling", påverke politisk, få økonomisk vinst eller svekke tilliten til media.

4. Innhald som er basert delvis på sanning, delvis på løgn

3. januar 2017 kunne nettstaden Breitbart.com opplyse om at meir enn 1 000 menn ropte "Allahu akhbar" (Gud er størst), sende nyttårsrakettar mot politiet og sette fyr på taket på ei historisk kyrkje i Dortmund i Tyskland. Denne nyheita var berre delvis sann. Fakta synte at det var omtrent 1 000 personar samla, men det var både menn, kvinner og familiar med barn. Det var sant at nokon sende rakettar mot politiet, og at politiet bad nokre fjerne seg og arresterte nokre. Men det var ikkje sant at dei sette fyr på ei historisk kyrkje. Ein rakett sette fyr på nettingen på eit stillas utanfor kyrkja, og det var ikkje gjort med vilje. Det lokale politiet opplyste om at det totalt var ei roleg natt.

Hensikta med slike delvis falske nyheiter kan vere å underhalde, drive med "trolling", påverke politisk, få økonomisk vinst eller svekke tilliten til media.

5. Redaksjonelt innhald som blir endra i sosiale medium

Det er lett å forfalske informasjon på Facebook. Med enkle tastetrykk kan du endre titlar og ingressar på nyheitsoppslag frå medium i Facebook slik at nyheitssaka inneheld falsk og oppdikta informasjon når ho flyt forbi i nyheitsstraumen din.

La oss sjå på eit konkret døme: I desember 2016 vart slike manipulerte nyheitsoppslag spreidde på Facebook som hets mot venstreleiar Trine Skei Grande. Ho har over tid blitt trakassert og hetsa på internett, og desse falske nyheitene var eit ledd i dette. I periodar har hets med drapstruslar ført til at ho har hatt behov for politivern.

6. Ekte nyheiter som blir påståtte å vere falske

Det har hendt at norske politikarar har stempla journalistikk dei ikkje liker, som falske nyheiter. Eit eksempel på det er då ein politikar på Facebook kalla eit intervju i avisa Nordlys for "fake news".

Hensikta med slike karakteristikkar kan vere å påverke politisk eller svekke tilliten til media.

7. Feil gjorde av journalistar

Det hender rett som det er at journalistar gjer feil, sjå til dømes Journalistens omtale av dårleg journalistisk handverk i lokalavisa Marsteinen. Men store redaksjonar kan òg gjere feil. I NRK Brennpunkts dokumentar Lykkeland, som handla om eit rumensk nettverk i Bergen, vart det brukt stillbilete av store bunkar med pengesetlar som rumenarane hadde publisert som skrytebilete på eigne Facebook-sider. Det viste seg i etterkant at nokre av desse bileta ikkje var autentiske. Det burde journalistane sjølvsagt ha sjekka.

Oppsummering på sju typar USANN informasjon

satire

falskt innhald

falske bilete

delvis falskt innhald

endra på Facebook

sant, påstått falsk nyheit

feil gjorde av journalister

underhaldning

xxx

trolling

xx

politisk påverknad

xxxxx

økonomisk gevinst

xx

svekke tilliten til media

xxxx

dårleg håndverk

x

Desinformasjon og misinformasjon

Omgrepet falske nyheiter blir ofte brukte feilaktig eller upresist. Nyheiter du ikkje liker, er ikkje falske nyheiter. Det same gjeld meiningar du ikkje liker. Om media gjer dårleg journalistisk handverk, gir ei nyheit med skeiv vinkling eller som ikkje gir heile biletet, så er heller ikkje det ei falsk nyheit.

Det som er viktig i denne samanhengen, er hensikta eller intensjonen. Vi bør derfor skilje mellom desinformasjon, som er eit medvite forsøk på å fordreie, og misinformasjon, som handlar om falsk informasjon som blir spreidd ved ein feil. Kalsnes reknar "satire" og "feil gjorde av journalistar" som misinformasjon. Dei andre typane karakteriserer ho som desinformasjon.

Kjelder

Kalsnes, B. (2019). Falske nyheter. Løgn, desinformasjon og propaganda i den digitale offentligheten. Cappelen Damm Akademisk.

Åsberg, A. R. (2017, 29. mars). Hevdet MDG ville forby fiskebåter: – Folk er tjukke i hodet som trodde på spøken. NRK. https://www.nrk.no/nordland/hevdet-mdg-ville-forby-fiskebater_-_-folk-er-tjukke-i-hodet-som-trodde-pa-spoken-1.13436258


Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2023