Bunadtilverkar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bunadtilverkar

Bunadstradisjonar er ein viktig del av norsk kultur og identitet. Ein bunadtilverkar jobbar med produksjon, reparasjon og restaurering av ulike bunader og folkedrakter.
Julie Mari Wiig gir oss innblikk i kvardagen til ein bunadtilverkar. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Teknikkar

Som bunadstilverkar bruker du ulike saum- og broderiteknikkar, og dessutan ulike band, vev- og trådteknikkar. Du kan arbeide med tradisjonsbundne bunader og folkedrakter, rekonstruere frå folkedrakttradisjonen og utvikle nye modellar.

Eigenskapar

Som bunadtilverkar må du ha kunnskap om drakthistorie og ulike materiale som blir brukte i dei ulike bunadstradisjonane. Du må vere nøyaktig og god i handsaum, og du må kunne kommunisere godt med kundar og oppdragsgivarar.

Utdanning

Utdanninga for å bli bunadstilverkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i bunadtilverkarfaget kan du ta sveinebrev.

Relatert innhald

Fagstoff
Saum og tekstilhandverk

Tekstilhandverk er eit skapande og fremtidsretta fag. Etter saum og tekstilhandverk i Vg2, kan du velje mellom elleve forskjellige lærefag.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2022