Det viktigaste i ei visualisering er sjølvsagt sjølve innhaldet, eller dataa. Korleis du les desse dataa, avheng av diagramtypen. Vi skal her sjå på fire ulike typar.
Studer nøye alle døma. Bruk det du har lært om tittel, datakjelde, nøkkel, aksar og skalaer (sjå artikkelen "Å lese statistikk"). Bruk spørsmåla som er lista opp under kvar diagramtype. Diskuter gjerne undervegs.
Kva er interessant? Tenk deg at du skal skrive ei nyheitssak som skal bruke dette diagrammet. Kva ville overskrifta vore?
Linjediagram
Blir brukt for å vise utvikling. X-aksen er derfor som regel ein tidsakse.
Går utviklinga opp eller ned?
Er utviklinga positiv eller negativ?
Finst det nokre mønster i utviklinga, til dømes knytt til årstider, vekedagar eller tidspunkt?
Er det plutselege endringar i utviklinga? Kva kan dette komme av?
Fleire linjer? Samanlikn!
Kvar byrjar y-aksen? Viss han ikkje byrjar på null, kvifor trur du dei har valt å gjere det slik?