Barne- og ungdomsarbeidar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Barne- og ungdomsarbeidar

Barne- og ungdomsarbeidaren nyttar varierte pedagogiske metodar i arbeidet med barn og unge. I denne filmen møter du ein barne- og ungdomsarbeidar som fortel om utdanningsløpet, ulike arbeidsstader og personlege eigenskapar ein treng i yrket.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Barne- og ungdomsarbeidaren arbeider med barn og unge med ulike behov for tilrettelegging tilpassa alder og funksjonsnivå. Du må samarbeide med anna pedagogisk personell, og i tillegg må du kunne samarbeide med barn, unge og dei føresette. Aktuelle arbeidsstader for ein barne- og ungdomsarbeidar kan vere barnehage, skule, skulefritidsordning, fritidsklubb og bustadteneste.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli barne- og ungdomsarbeidar?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar?
  4. Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein barne- og ungdomsarbeidar?
  5. Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi i jobben som barne- og ungdomsarbeidar?

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2020