Vurder finfluensarar

Oppvarming: Vil du bli rik?
Elevane stiller seg i hjørna i klasserommet.
Hjørne 1: Ja, absolutt!
Hjørne 2: Ja, i ei viss grad.
Hjørne 3: Nei, på ingen måte!
Hjørne 4: Usikker.
1. Kva er ein finfluensar?
A. Undersøk og beskriv finflusensarar
Søk opp tre–fire finflusensarar i eit sosialt medium med taggane #trading, #krypto, #rik og liknande. Beskriv kvar av finfluensarane med utgangspunkt i spørsmåla under.
Kva er finfluensaren kjend for?
I kva kanalar finn du finfluensaren?
Kva kjenneteiknar innhaldet personen lagar?
Kor truverdig er bodskapen?
Korleis tener finfluensaren pengar?
Korleis får finfluensaren inntekter?
Kjem kommersielle bindingar tydeleg fram?
Stoler du på finfluensaren? Kvifor / kvifor ikkje?
Kva karaktertrekk har finfluensaren?
Bruk kjenneteikna ved den klassiske finfluensaren, mentoren, plattformtraderen og den skjulte marknadsføraren for å beskrive finfluensaren meir nøyaktig.
B. Forstå omgrepa, spel Alias
Spel to og to.
Ein forklarer, den andre gjettar.
Set nedteljinga på to minutt eller tilpass tida. De må ikkje rekke gjennom alle omgrepa.
Byt roller når tida er gått.
Bruk dei interaktive korta under eller last ned pdf-dokumentet nedanfor og klipp ut omgrepskorta.
- Omgrepsskort(PDF)
2. Korleis påverkar finfluensarar?
Invester etter råd frå finfluensarar
Del klassen inn i finfluensarar, følgarar og kontrollorgan.
Finfluensarane får utdelt ein case (sjå boksen nedanfor), lagar ein pitsj og presenterer han.
Følgarane disponerer 100 000 kroner. Dei diskuterer og planlegg investering og fordeling av midlane.
Elevane som representerer Finanstilsynet, forklarer til slutt kva som er gode og dårlege investeringar. (Læraren kan eventuelt ta på seg denne rolla.)
Ei alternativ organisering av oppgåva er at læraren les opp beskrivinga av dei tre finfluensarane i boksen nedanfor, og elevane jobbar to og to med å fordele 100 000 kroner. Læraren presenterer Finanstilsynets råd og oppfordringar til slutt.
3. Undersøk oppfordringane til finfluensarane
A. Svartelista selskap
Finanstilsynet har eit søkbart register der du finn selskap som dei åtvarar mot å bruke. Ver merksam på at lista ikkje er uttømmande, og at fråvær frå lista ikkje betyr at eit selskap er "godkjent".
Finanstilsynet: Register for marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Undersøk selskap som finfluensarar tilrår, og sjekk om dei står i Finanstilsynets register.
B. Selskap med løyve
Registeret under viser kva føretak og plattformer som faktisk har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg.
Finanstilsynet: Verksemdsregister
Undersøk investeringstenester som finfluensarar tilrår, i Finanstilsynets verksemdsregister. Sjekk at dei faktisk har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg.
4. Diskuter i klassen
Diskuter følgande omgrep:
kryptovaluta
fondsmarknaden
pyramidespel
Bruk desse hjelpespørsmåla:
Kva er det?
Korleis fungerer det?
Kvifor er det risikabelt?
5. Lag ei rettleiing
Vel eit relevant tema og lag ei rettleiing til elevar på din alder om korleis dei skal vurdere finansielle råd i sosiale medium.
6. Fordjuping: Lytt til podkast og diskuter i klassen
Lytt til episoden "Amatørane som lærer deg å bli rik" i NRKs Ekko samfunnspodden.
Kvifor ønsker nokon å vere finfluensarar?
Kva type finfluensar var Ida Hundvebakke (Aksjekaffe)?
Har du blitt interessert i aksjar på grunn av finfluensarar?
Kan finfluensarar bli ansvarlege for at følgarar taper pengar på råd dei gir?
Kva er positivt med finfluensarar?
Podkasten er spelt inn i 2021. Kva kjenneteiknar finfluensarar i dag?
Relatert innhald
Korleis skil du mellom gode og dårlege finansielle råd på sosiale medium? Få innsikt til å vurdere innhald frå finfluensarar i sosiale medium.