Hopp til innhald
Bokmål
Veiledning

Korleis jobbe med instruksar

Gode instruksar er viktig når du skal bruke praterobotar i læringsarbeid. Her går vi gjennom seks konkrete tips til korleis du kan formulere instruksar slik at du får den hjelpa du treng.

Seks tips til gode instruksar

Kva er ein instruks?

Ein instruks, òg kalla leietekst eller prompt, er det vi skriv inn i ein praterobot. For å få mest mogleg ut av ein praterobot må du øve deg og lære deg kunsten å lage gode instruksar. Vi formulerer instruksar på ulike måtar avhengig av kva vi bruker prateroboten til. Gode instruksar bidreg til at vi får den hjelpa vi treng.

Tips

Vi har seks tips du kan rette deg etter for å bli god til å formulere instruksar til praterobotar:

  1. Gi roboten ei oppgåve med presise ord.

  2. Gi roboten ein tone og ei rolle.

  3. Beskriv situasjonen til prateroboten, gi han ein kontekst.

  4. Bestill / gi døme på format.

  5. Gi instruksar i ei logisk rekkefølge.

  6. Før ein samtale og still oppfølgingsspørsmål.

Hugs

  • Du må vite kva du vil og skal. Er du usikker på kva du er ute etter, vil svara du får frå prateroboten, vere vage og upresise òg.

  • Ver førebudd på prøving og feiling. Er svaret til prateroboten relevant? Du må ofte omformulere, starte på nytt eller følge opp med nye instruksar.

  • Sjekk alltid faktainformasjon frå praterobotar opp mot kjelder.

Prøv sjølv

Undervegs, når du går gjennom dei seks tipsa, kan du prøve ut instruksane i prateroboten du vanlegvis bruker.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

1. Gi roboten ei oppgåve med presise ord

Kva skal prateroboten hjelpe deg med? Skal han til dømes forklare, tilrå, utvikle, samanfatte, bruke eller analysere? Du må bruke ord som gir den ei klart definert oppgåve.

Kva omgrep du vel å bruke, er viktig elles i instruksen òg. Jo meir nøyaktig du formulerer ein leietekst, jo betre svar får du. Presis omgrepsbruk er til dømes når du skriv "Paris" i staden for "Frankrike" eller ein bestemd dato i staden for ei årstid. Eit faguttrykk vil vere meir presist enn eit ord frå daglegtalen.

Kor presist klarer du å formulere instruksar?

Vagt

Meir presist

Fortel meg om geografi.Beskriv kjenneteikn ved landskapsformer og vegetasjon for regnskogen i Amazonas.
Gi meg tilbakemelding på teksten min.Korleis kan eg gjere teksten min meir engasjerande?

2. Gi roboten ei rolle og ein tone

Rolla prateroboten får tildelt, gjer at språket han bruker i det genererte svaret, passar til rolla. Seier du at han skal snakke som ein ekspert, vil språket vere meir avansert og detaljert enn om du seier at han skal vere ein grunnskulelærar. Du kan òg gi beskrivingar av tonen eller stilen du vil roboten skal svare i.

Her er nokre døme:

  • "Ver ein geograf."

  • "Du er ein ekspert på regnskog."

  • "Ta rolla som reiseleiar."

  • "Ver oppmuntrande og uformell." / "Ver positiv og entusiastisk."

  • "Snakk som ein høgrepolitikar."

  • "Svar på ein akademisk måte." / "Svar i eit poetisk språk."

3. Beskriv konteksten til prateroboten

Ein praterobot vil gi deg betre og meir relevante svar dersom du gir den ein kontekst. I kva samanheng stiller du spørsmålet? Kvar, når og kvifor treng du svar på instruksen?

Her er nokre døme:

  • Du ønsker å få tilbakemelding på ein tekst du har skrive. Konteksten du gir roboten då, kan til dømes vere: "Gi ei tilbakemelding som om du er lærar i [fag] til ein elev som går i [trinn] på vidaregåande. Oppgåva eg jobbar med, er [oppgåve]. Kor godt svarer vedlagde tekst på oppgåva? [tekst]."

  • Du vil ha eit forslag til ei pressemelding som skal sendast til lokalavisa. Konteksten du gir roboten, kan vere: "Restaurant og matfag på vidaregåande i [stadnamn] inviterer innbyggarane til delta i ein konkurranse der premien er eit trerettars måltid. Lag ei pressemelding til lokalavisa."

  • Du vil ha hjelp til å forstå eit vanskeleg avsnitt i ein fagartikkel. Då kan du gi roboten denne konteksten: "Eg er skuleelev på vidaregåande [trinn] og jobbar med å forstå problemstillinga [problemstilling] innanfor temaet [tema]. Kan du forklare dette avsnittet for meg? [avsnitt]."

4. Bestill format på svaret

I kva format vil du ha svaret? Bestill formatet. Legg òg til informasjon om kor langt svaret skal vere, eller kor mange punkt eller setningar du vil ha.

Her er nokre døme:

  • "Svar med tre punkt."

  • "Svar med eit avsnitt på fire setningar."

  • "Lag eit manus til ein film på to minutt med tre roller."

  • "Set opp svaret i ein tabell med tre kolonnar og fem rader."

  • "Svar med kode."

5. Gi instruksar i ei logisk rekkefølge

Ver merksam på rekkefølga på instruksane. Det fungerer ofte betre om du startar ein instruks med kva roboten er, og/eller kva han skal gjere, for så å beskrive målgruppa. Til slutt bestiller du formatet og beskriv korleis du vil at svaret skal sjå ut.

Formuler ein instruks etter dette mønsteret: oppgåve, rolle, kontekst, format.

Her er eit døme:

  • "Lag ein kort guide om korleis ein lærer seg programvara Adobe Photoshop (oppgåve). Du er designar og ekspert og skriv enkelt og lett forståeleg (rolle). Guiden er til nybyrjarar som skal jobbe med marknadsføring (kontekst). Del inn i kapittel, forklaringar og punkt for framgangsmåtar (format)."

Du treng ikkje ta med alle ledda. Du kan forandre rekkefølga, til dømes dersom konteksten er viktigare enn rolla.

6. Før ein samtale og still oppfølgingsspørsmål

I staden for å gi alle detaljar i ein instruks kan du òg fordele dei utover i ein samtale. Teknikken kan òg hjelpe deg med å få større klarheit i kva du vil ha hjelp til, og avgrense oppgåva du skal løyse.

Her er ein serie med instruksar du kan bruke etter kvarandre for å få hjelp i arbeidet med ein fagtekst:

  1. "Kan du liste opp undertema til [eit valt tverrfagleg tema]?"

  2. "Gi ei enkel oppsummering av emnet [...] i fem setningar."

  3. "Formuler tre ulike påstandar innanfor [...]?"

  4. "Kan du gi meg tre sentrale fagomgrep eg må bruke for å drøfte påstanden [...]?"

  5. "Kan du foreslå ein disposisjon for fagteksten?"

  6. "Kva er det viktig å tenke på når eg skal skrive ein fagtekst med ein påstand som utgangspunkt?"

Kjelder

Bowen, J. A. & Watson, C. E. (2024). Teaching with AI: A Practical Guide to a New Era of Human Learning. John Hopkins University Press.

Digital Ocean. (u.å.). Prompt Engineering Best Practices: Tips, Tricks, and Tools. Hentet 10. mars 2025 fra https://www.digitalocean.com/resources/article/prompt-engineering-best-practices

Hagelia, M. (u.å.). AI ressurs: Instruksjoner for utdata - oversikt over parametere. Høgskolen i Østfold. Hentet 10. mars 2025 fra https://hiof.instructure.com/courses/8691/pages/instruksjoner-for-utdata-oversikt-over-parametere?module_item_id=254711

Måge, E. (u.å.). Hvordan komme i gang? Vi starter å skrive essay [Lysarkpresentasjon]. https://drive.google.com/file/d/1AkaPg0VzzTYxhanbwOS-0lBvnUbV7Vg5/view

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 03/06/2025