Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggarar lagar mindre båtar i plast, komposittmateriale og metall. Dei produserer, reparerer og held ved like skrog, overbygg, riggar, innreiingar og installasjonar. Kompositt består i hovudsak av eit karbonfiberarmert polymermateriale som har høg styrke i forhold til vekta.

Film: Komposittbåtbygger

I filmen under (lengde 2:43) gir Eirik Berg oss eit innblikk i arbeidskvardagen sin som komposittbåtbyggar.

Video: Ingrid Nøstdal / CC BY-SA 4.0

Arbeidsoppgåver

Som komposittbåtbyggar kan du få i oppgåve å bygge nye båtar, produsere delar til større båtbyggeri eller utføre reparasjon og vedlikehald. Når du utbetrar skadar, skal båten få tilbake den opphavlege styrken, stivleiken og funksjonen i tillegg til ein fin utsjånad. Komposittbåtbyggaren jobbar òg med tekniske installasjonar.

Komposittbåtbyggarar bruker materiale som blir brukte i tradisjonell og moderne båtbygging. Dei formar stål og metall og bruker komposittmateriale og plast. Då treng du kunnskap om tørkeprosessar og omarbeiding. I tillegg må du kjenne til mekaniske sambindingsmetodar, liming og overflatebehandling. Kvalitetssikring og HMS er ein viktig del av arbeidet.

Fagarbeidaren skal i samarbeid med andre kunne planlegge, gjennomføre, dokumentere og vurdere arbeidet sitt på ein slik måte at det òg kan leie til nytenking og produktutvikling. I dette arbeidet jobbar du med design og konstruksjon og bruker teikning og visualisering. Arbeidsplassen kan vere små eller mellomstore bedrifter.

Eigenskapar

Du treng kunnskap om båtstruktur, båtkonstruksjon, innreiingar og tekniske installasjonar. Det er viktig at du har godt handlag og praktisk sans, og at du er nøyaktig. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Utdanning

Utdanninga for å bli komposittbåtbyggr er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling eller vg1 teknologi- og industrifag. Etterpå vel du vg2 båtbyggar. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er komposittbåtbyggar.

Relatert innhald

Kompositt

Komposittmateriale eller kompositt er ei samlenemning for blandingsmateriale der ein utnyttar dei gode eigenskapane til kvar del.


Skrive av Svein Sandnes, Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 12.06.2026