Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Vekselpreposisjonar

I tysk styrer preposisjonar kasus. Her lærer du dei såkalla vekselpreposisjonane. Dei styrer akkusativ eller dativ etter bestemte reglar.

Vekselpreposisjonane

Preposisjonane , , , , , , og blir kalla vekselpreposisjonar:

  • Dei styrer dativ når noko(n) er ein stad.

  • Dei styrer akkusativ når noko(n) er på veg til ein stad.

Øving 1

  1. Les og omset setningane i tabellen.

  2. Samanlikn stadledda i akkusativ med stadledda i dativ. Kva for ord er ulike?

Vekselpreposisjonane

tysk

norsk

døme med akkusativ

døme med dativ

an

inntil, på, ved

Ich hänge das Bild an die Wand.

Das Bild hängt an der Wand.

auf

på, oppå, oppe på

Die Katze auf das Sofa.

Die Katze liegt liegt auf dem Sofa.

hinter

bak, bakenfor, på baksida av

Wir die Fahrräder hinter das Haus.

Die Fahrräder stehen hinter dem Haus.

in

i, inne i, på, til

Wir gehen in den .

Wir sind im (in dem) Wald.

neben

ved siden av

Er setzt sich neben mich.

Er sitzt neben mir.

über

over

Wir hängen die Lampe über den .

Die Lampe hängt über dem Esstisch.

unter

under

Die Katze legt sich unter mein .

Die Katze liegt unter meinem Bett.

vor

foran, utafor

Der Ball rollt vor das .

Der Ball liegt vor dem Tor.

zwischen

mellom

Das Kind setzt sich zwischen seine Eltern.

Das Kind sitzt zwischen seinen Eltern.

Svar til punkt B

Det er bestemmarorda:

  • artiklane der, die, das, ein, eine, ein

  • eigedomsorda mein, dein, sein osv.

  • kein

Dei får ofte ulik form i dativ og i akkusativ.

Wo?

Når vi spør kvar noko er, bruker vi på tysk spørjeordet wo:

  • Wo hängt das Bild? Wo ist dein Handy?

Staduttrykket (stadadverbialet) som gir oss svaret, står i dativ:

  • Das Bild hängt an der Wand. Mein Handy liegt auf dem Tisch.

Wohin?

Når vi spør kvar noko skal plasserast, spør vi med wohin:

  • Wohin hängt Lisa das Bild? Wohin legst du dein Handy?

Staduttrykket (stadadverbialet) som gir oss svaret, står i akkusativ:

  • Lisa hängt das Bild an die Wand. Ich lege mein Handy auf den Tisch.

Øving 2

Spørsmål med wo og wohin

Øving 3

Hugsar du akkusativformene? Test deg sjølv!

Øving 4

Kan du forskjellen mellom dativ og akkusativ?

Øving 5

Rørsle eller ro?

  • Vekselpreposisjonane styrer dativ når noko(n) er ein stad (i ro), og akkusativ når noko(n) er på veg til ein stad.

  • Det er verbet i setninga som uttrykker anten rørsle eller ro/tilstand.

Øving 6

Akkusativ eller dativ?

  • Omsett setning A til norsk.

  • Finn ut kva form artikkelen må ha i setning A:

    • ein stad? Då tek vekselpreposisjonen dativ.

    • Til ein stad? Då tek vekselpreposisjonen akkusativ.

  • Noter rett form av artikkelen.

  • Gjer det same med setningane B–H.

  • Samanlikn til slutt med fasiten i boksen, og les setningane høgt.

  1. Die Katze sitzt hinter die/der Tür.

  2. Er hängt das Bild an die/der Wand.

  3. Neben den/dem Schreibtisch steht ein Stuhl.

  4. Unter den/dem Tisch liegt ein Teppich.

  5. Ich gebe das Buch in das/dem Regal.

  6. Wir fahren in die/der Stadt.

  7. Das Kind setzt sich auf einen/einem Stuhl.

  8. Wohnt ihr in die Berge / in den Bergen?

Lösung

  1. Die Katze sitzt hinter der Tür. (på stad, dativ)

  2. Er hängt das Bild an die Wand. (til stad, akkusativ)

  3. Neben dem Schreibtisch steht ein Stuhl. (på stad, dativ)

  4. Unter dem Tisch liegt ein Teppich. (på stad, dativ)

  5. Ich gebe das Buch in das Regal. (til stad, akkusativ)

  6. Wir fahren in die Stadt. (til stad, akkusativ)

  7. Das Kind setzt sich auf einen Stuhl. (til stad, akkusativ)

  8. Wohnt ihr in den Bergen? (på stad, dativ)

Øving 7

Dativ og akkusativ av artiklane

Tips: Oversett dømesetningane, då ser du lettare om verbet uttrykker rørsle eller ikkje.

Øving 8

Dativ og akkusativ av eigedomsord

Tips: Omsett dømesetningane, då ser du lettare om verbet uttrykker rørsle eller ikkje.

Pass på!

Preposisjon og bestemt artikkel blir av og til dratt saman til eitt ord:

  • an + das = ans

  • an + dem = am

  • auf + das = aufs

  • in + das = ins

  • in + dem = im

Det er dei samandratte formene som blir brukte, og det både skriftleg og munnleg.

Øving 9

Jobb gjerne saman to og to.

  • Les den norske setninga høgt.

    • Uttrykker verbet ei rørsle (akkusativ)?

    • Eller uttrykker verbet ro eller ein tilstand (dativ)?

  • Omsett setninga til tysk. Hugs å bruke rett kasus!

  • Snu kortet og les fasiten høgt, og gå så vidare til neste kort.

Øving 10

Dette er ei øving for deg som vil ha litt ekstra repetisjon. Øv på personlege pronomen i dativ og akkusativ!

  • Omsett setninga til norsk. Styrer preposisjonen akkusativ (rørsle) eller dativ (stillstand, ro)?

  • Sett inn rett form av personleg pronomen, og gå så vidare til neste setning.

Skrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist oppdatert 25.02.2026