Hypotetisk konjunktiv
Konjunktiv preteritum
Enkel oversikt over nokre viktige (hjelpe)verb
sein | haben | werden | können | müssen | Ending | |
|---|---|---|---|---|---|---|
ich | wäre | hätte | würde | könnte | müsste | -e |
du | wärest | hättest | würdest | könntest | müsstest | -est |
er, sie, es | wäre | hätte | würde | könnte | müsste | -e |
wir | wären | hätten | würden | könnten | müssten | -en |
ihr | wäret | hättet | würdet | könntet | müsstet | -et |
sie, Sie | wären | hätten | würden | könnten | müssten | -en |
Hypotetisk konjunktiv
Vi kallar det hypotetisk konjunktiv når vi snakkar om eit tenkt tilfelle: Noko kan ikkje skje fordi eit vilkår eller ein føresetnad ikkje er oppfylt. På tysk brukar vi konjunktiv preteritum for å uttrykke at det vi snakkar om, er hypotetisk:
Wenn ich Zeit hätte, (dann) würde ich Norwegisch lernen. Dersom eg hadde tid, ville/skulle eg lært meg norsk.
Wenn ich du wäre, würde ich nicht rauchen. Viss eg var deg, ville eg ikkje røyka.
Wenn es schneien würde, würde ich Ski fahren. Dersom det snødde, ville eg stått på ski.
Wenn-setninga er ei leddsetning (av typen vilkårssetning). Derfor står det bøygde verbet til slutt. I heilsetninga som wenn-setninga høyrer saman med, bruker vi alltid konjunktiv med würde og infinitiv av hovudverbet.
Eksempelsetningane over viser til ein aktuell situasjon: Eg har kanskje ikkje tid til å lære norsk no, men det er framleis mogleg at dette vil endre seg. Snakkar vi derimot om noko som høyrer fortida til, må vi bruke konjunktiv preteritum perfektum i tysk:
Wenn ich Zeit gehabt hätte, hätte ich Norwegisch gelernt. Viss eg hadde hatt tid, hadde eg lært norsk. (Men eg hadde ikkje tid, derfor lærte eg ikkje norsk.)
Wenn es geschneit hätte, wäre ich Ski gefahren. Dersom det hadde snødd, hadde eg stått på ski. (Men det snødde ikkje, derfor stod eg ikkje på ski.)
Øving 1: Kva passar saman?
Øving 2: Omsetting
- Omsett eksempelsetningane frå øving 1 til norsk. Ikkje kikk på løysingsforslaget før du har prøvd sjølv!
- For vidarekomne: Prøv å forklare forskjellen i tempusbruk (bruk av tidsform) mellom norsk og tysk.
Øving 3: Wenn – dann
Gjer øvingane og omsett eksempelsetningane til norsk.
Øving 4: Wenn ich Ministerpräsident(in) wäre ...
Jobb gjerne i par. Byt i så fall på å spørje og svare.
Øving 5: Wenn ich im Lotto gewinnen würde ...
Jobb gjerne i par. Byt i så fall på å spørje og svare.
Øving 6: konjunktiv preteritum av müssen og können
Øving 7: Wenn ich nur drei Tage pro Woche Schule hätte ...
Jobb gjerne i par. Byt i så fall på å spørje og svare.