Deutsch lernen - wozu? - Aufgaben - Tysk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Deutsch lernen - wozu?

Skrive av Julia Kleven og Marion Federl.
Sist oppdatert 13.09.2022
Øving

Repeter litt grammatikk!

På tide med litt språkarbeid! Her får du repetert litt grammatikk frå tysk 1 og øvd meir på mykje brukte ord og uttrykk frå video og fagtekst.

1 Mengdeord

Når skal du bruke viel (mykje), når skal du bruke viele (mange)? Eit lite tips: Etter viele står substantivet alltid i fleirtalsform, etter viel kan det på tysk berre ha eintalsform.

2 Regelrette verb i presens

Tyske verb har samsvarsbøying. Subjektet i setninga avgjer kva ending verbet får. Repeter kort og løys deretter oppgåva!

machen

1. person

2. person

3. person

Eintal

ich mache

du machst

er, sie, es macht

Fleirtal

wir machen

ihr macht

sie machen

3 Uregelrette verb i presens

Ein del veldig vanlege tyske verb får vokalskifte i presens, til dømes tragen, helfen, geben, sehen, sprechen. Det er berre 2. og 3. person eintal som får vokalskifte!

Verb

1. person eintal

2. person eintal

3. person eintal

geben

ich gebe

du gibst

er, sie, es gibt

helfen

ich helfe

du hilfst

er, sie, es hilft

sehen

ich sehe

du siehst

er, sie, es sieht

sprechen

ich spreche

du sprichst

er, sie, es spricht

tragen

ich trage

du trägst

er, sie, es trägt

4 Indirekte tale

Når vi gir att ordrett kva ein person seier, bruker vi kolon og sitatteikn: Magda seier: "Eg lærer engelsk." / Magda sagt: "Ich lerne Englisch."

Når vi refererer kva ein person seier eller har sagt, bruker vi såkalla indirekte tale: Magda seier at ho lærer engelsk. / Magda sagt, dass sie Englisch lernt.

Setningar med at / dass er leddsetningar, og då må vi på tysk passe på at vi plasserer verbet sist.

5 Reglar for kjønn på substantiv

Endinga på eit substantiv kan ofte fortelje kva kjønn substantivet har.

  1. Kva kjønn har desse substantiva?

    • Sprache, Muttersprache, Webseite, Chance, Waschmaschine, Denkweise

    • Regierung, Sportkleidung

    • Politiker, Musiker, Schriftsteller, Lehrer, Schüler

  2. Formuler reglar:

    • Substantiv som sluttar på -e er ofte ...
    • Substantiv som sluttar på -ung er alltid ...
    • Substantiv ...
  3. Finn tre eigne passande substantiv-døme til kvar regel.

6 Forklar på norsk!

Dei seks orda nedanfor er nesten like på tysk og på norsk. Men kva betyr dei?

  • Omsett orda til norsk.
  • Forklar på norsk kva orda betyr. Du kan anten finne eit synonym eller forklare fritt.
  1. kreativ
  2. innovativ
  3. die Strategie
  4. der kulturelle Hintergrund
  5. der Kontrast
  6. der Handelspartner

eit synonym = eit ord med omtrent same tyding som eit anna ord.

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Deutsch lernen - wozu?

Gå til faget: Tysk 2

Gå til emne: Deutsch lernen – wozu?