100 ting (100 Dinge) - Tysk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

100 ting (100 Dinge)

Blir vi menneske eigentleg lykkelegare av å eige fleire ting? Dette spørsmålet blir belyst i filmen 100 ting. Filmen problematiserer korleis ny teknologi og auka kjøpekraft kan gjere at vi gløymer andre viktige sider av livet og kan sjåast som ein kritikk av det moderne forbrukarsamfunnet.

Om filmen

Paul og Toni er partnarar i eit teknologiselskap. Dei har utvikla mobilappen Nana – eit nytt taleprogram som byggjer på kunstig intelligens. Det nye taleprogrammet er meir avansert enn tilsvarande tenester som allereie er på marknaden. Nana byggjer nemleg eit emosjonelt band til brukaren av mobiltelefonen. Nana tilrår òg produkt og tenester til den som bruker mobilen. Den kjenslemessige koplinga mellom mennesket og appen gjer at denne forma for reklame svært ofte leier til eit vellykka sal.

Den amerikanske IT-milliardæren David Zuckerman, med klare parallellar til Facebook-gründer Mark Zuckerberg, ønskjer å kjøpe oppfinninga. Han ser store moglegheiter i å implementere Nana på 700 millionar mobiltelefonar verda over. Kjøpekrafta vil auke, og moglegheitene for reklamesal og direkte marknadsføring verkar nærmast uendelege.

Lykkeleg av ting?

Paul og Toni feirar suksessen med Nana saman med kollegaene sine. I løpet av feiringa oppstår det ein krangel mellom dei to partnarane. Kven av dei er eigentleg mest avhengig av alle tinga dei eig? For å finne ut av dette blir dei einige om å inngå eit veddemål.

Frå og med neste dag skal dei kvitte seg med alle eigedelane sine. Kvar dag i 100 dagar framover skal dei så få lov til å få tilbake éin ny ting. Den som taper veddemålet, må overføre halvparten av aksjane sine til tilsette i firmaet.

Etter festen, på dag 0, vaknar Paul og Toni opp nakne i kvar si tomme leilegheit med kraftig bakrus og vage minne frå gårsdagen. Dei 100 dagane er i gong.

Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 19.08.2021