Verba haben, sein og werden i presens
Person og tal | Pronomen | haben (å ha) | sein (å vere) | werden (å bli) |
|---|---|---|---|---|
1. person eintal | ich | habe | bin | werde |
2. person eintal | du | hast | bist | wirst |
3. person eintal | er, sie, es | hat | ist | wird |
1. person fleirtal | wir | haben | sind | werden |
2. person fleirtal | ihr | habt | seid | werdet |
3. person fleirtal | sie, Sie | haben | sind | werden |
Eksempel
Marcus hat eine neue Freundin. Marcus har ein ny kjæraste.
Oscar und Benny sind Freunde. Oscar og Benny er venner.
Im Winter wird es hier kalt. Om vinteren blir/vert det kaldt her.
Øving 1: Presens av haben, sein og werden
Werden eller bleiben?
Det norske verbet å bli har to ulike tydingar. Den eine tydinga er "å forbli den/der du er". Den andre tydinga er "å bli til noko anna, å endre seg". På tysk må vi her bruke to ulike verb.
Werden
Verbet werden uttrykker ei endring (engelsk: to become, to get):
Es wird dunkel. Det blir/vert mørkt. It is getting dark.
Er will Arzt werden. Han vil bli/verte lege. He wants to become a doctor.
Bleiben
Verbet bleiben uttrykker det motsette: inga endring (engelsk: to stay, to remain).
Sie bleibt in Oslo. Ho blir i Oslo. She'll stay in Oslo.
Wir bleiben zu Hause. Vi blir heime. We'll stay at home.
Er bleibt immer ruhig. Han er/forblir alltid roleg. He always stays calm.
Person | Eintal | Fleirtal |
|---|---|---|
1. person | ich bleibe | wir bleiben |
2. person | du bleibst | ihr bleibt |
3. person | er, sie, es bleibt | sie, Sie bleiben |
Øving 2: Omsett
Korleis ville du omsett setninga nedanfor til norsk og engelsk? Prøv!
"Es wird sicher so heiß, dass wir nicht im Auto bleiben können."
Øving 3: Werden eller bleiben?
Vel rett verb. Sei dessutan heile setninga høgt, så får du øvd på nokre nyttige uttrykk i same slengen!
Øving 4: haben, sein og werden
- Gjer denne øvinga munnleg, og jobb gjerne i par.
- Elev A fullfører setninga og seier svaret høgt. Det er lov å kikke på tipset ved behov!
- Elev B kontrollerer om A har svart rett. Er svaret feil, forklarer B verbbøyinga (person og tal).
- Gå så vidare til neste glosekort og byt roller.