Übungen: Stadt oder Land?
1. Gloser
Pugg sentrale gloser frå teksten “Wohnen im Studentenheim".
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg artikkelen på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel “Fyll inn“ og “Byt språk“. Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tips!
2. Å bu på studentheim
3. Glosekort
Jobb to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B set ho om til norsk. Snu så kortet og les fasiten. Gå vidare til neste kort, og byt roller.
No set de om dei norske setningane til tysk! Trykk på pila for å gå bakover i oppgåva. A les den norske setninga høgt, B set om. Snu så kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare og byt roller.
4. By eller land?
Flytt beskrivingane av livet på landet og livet i byen til rett felt.
5. Fire ungdommar fortel
Møt fire unge vaksne som som har meiningar om livet på landet og i byen.
I filmen (lengde: 1:33) fortel Lena, Corinna, Tom og Alexander kvar dei føretrekker å bu, og kvifor.
Før du ser filmen: Lag to lister med argument. Kva fordelar har det å bu på landet? Og kva er bra med bylivet? Skriv på norsk.
Sjå filmen og finn ut: Kven bur helst i byen? Kven bur helst på landet?
Les det som står i boksen under, og sjå filmen på nytt. Kven nemner kva?
Fortel kvar du sjølv føretrekker å bu, og grunngi kvifor.
Kven nemner kva?
6. Snakk tysk på 1-2-3!
Svar på spørsmåla og ta notat. (Noter stikkord og/eller korte setningar.)
Snakk saman i par og fortel korleis du bur, og kvar du føretrekker å bu. Bruk notata, men ha augekontakt når de snakkar.
Still dykk opp i to rekker overfor kvarandre slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar er det best med fire rekker.)
Dei to som står rett overfor kvarandre, snakkar saman i par.
Når læraren signaliserer at det er tid for å byte samtalepartnar, flyttar den eine rekka seg eit steg til høgre slik at alle får ein ny partnar.
Etter dei to første rundane byter læraren til samtaleskjema 2 slik at de berre ser spørsmåla.
Etter to nye rundar byter læraren til samtaleskjema 3 slik at de berre ser emneorda. No snakkar de heilt fritt!

