Ut på tur til byar i Tyskland, Sveits, Liechtenstein og Austerrike! Finn bokstavane som manglar. Saman utgjer bokstavane eit reisetips til deg!
Stutt_art
Br_men
Va_uz
H_nnover
Dortmu_d
Fran_furt
_ssen
Mü_chen
Zü_ich
Dresd_n
W_ein
_alzburg
B_rlin
Das Lösungswort ist: _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
Tipp
Løysingsordet er noko du bør unne deg for å få eit avbrekk i kvardagen. Det kostar ikkje noko, men det føreset at du slappar av og legg vekk alt du driv med!
Hjerneforsking tilseier at du bør dra dit minst éin gong om dagen. Så kom deg av garde, og la tankane fly av stad! Når du landar i kvardagen igjen, vil du merke at dette gjorde deg veldig godt. God tur!
Kommunen du bur i, ønsker å lokke til seg fleire turistar. Lag ein video for tysktalande turistar der du presenterer heimstaden din og tipsar om kva dei kan sjå og gjere her (og i området rundt). Jobb gjerne saman med nokon.
Lag ei liste med ord og uttrykk som du kan få bruk for. Bruk òg setningane i boksen "Skrive- og snakkehjelp".
Du, Therese, schau mal, Norwegian bietet Billigflüge nach ... an!
Wirklich? Super. Und an welchen Wochentagen?
Montags, ... und ... .
Wir haben ja beide in der ... Juliwoche frei. Was kostet da der Flug, wenn wir am Montag abfliegen und am Montag danach wieder zurück?
Hm, Moment, ... Kronen. Das ist nicht teuer.
Nein, der Preis ist okay. Nur mit Handgepäck, oder mit Koffer?
Mit Handgepäck. Ein eingecheckter Koffer kostet ... Kronen extra.
Hm. Und wann ist Abflugzeit?
Warte mal – oh nein! Schon um ... Uhr morgens ab Oslo! Da müssen wir ja mitten in der Nacht aufstehen, oder am Osloer Flughafenübernachten. Und ab Berlin erst um halb ... Uhr abends, da sind wir erst gegen Mitternacht zurück und haben keinen Bus oder Zug mehr nach ... .
Schauen wir lieber mal bei einer anderen Fluggesellschaft nach!
Fragen zum Video
Wer bietet Billigflüge nach Berlin an? Kven tilbyr billige flyreiser til Berlin?
An welchen Wochentagen kann man reisen? På kva vekedagar kan ein reise?
Wann haben beide Mädchen frei? Når har begge jentene fri?
Was kostet der Flug? Kva kostar flyreisa?
Was kostet ein eingecheckter Koffer? Kva kostar ein innsjekka koffert?
Wann ist Abflug(zeit)ab Oslo? Når går flyet frå Oslo?
Wann ist Abflug(zeit) ab Berlin? Når går flyet frå Berlin?
Warum wollen die beiden lieber bei einer anderen Fluggesellschaft nachschauen? Kvifor vil dei to heller sjekke hos eit anna flyselskap?
Finn fram eit A4-ark, og lag eit papirfly etter instruksjonar. (Hald musepeikaren over illustrasjonane for å sjå instruksjonane, eller les instruksjonsteksten under illustrasjonsrekka.) Gjer øvinga saman trinn for trinn. Klarer de å få rett design på flyet?
Lag ein mini-biografi der du fortel livshistoria eller "livsreisa" til ein person i teikneserieformat. Biografien skal vere på ei til to sider og innehalde både tekst og teikningar eller bilde. Start slik: [Name] wird [Jahr] in [Ort] geboren.
Intervju gjerne personen du skal fortelje om slik at biografien blir "ei sann historie". Du kan intervjue ein familiemedlem, ein venn eller ein medelev. Dette bør du ha med i biografien:
Geburtsdatum und Geburtsort
Land und Wohnort
Kindheit und Jugend
Familie und Freunde
Ausbildung (Schule/Beruf)
Hobby/Leidenschaft
Reisen und Reiseerlebnisse
Wichtige Augenblicke im Leben der Person
Tips: La deg inspirere av ein tysk forfattar! Den tyske illustratøren Birgit Weyhe har laga teikneseriar som viser livshistoria til vanlege menneske: