Übungen: Guten Tag! Auf Wiedersehen!
1. Pugg gloser
Pugg glosene til dei tre "Wie geht's?"-dialogane.
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg korleis dei blir skrivne.
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Bytt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa viss du treng det.
Bli ein glosemeister! Løys oppgåva utan å bruke tips.
2. Glosekort
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, elev B set om ho til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Gå vidare til neste kort og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. Sett no om dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, B set om. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare og byt roller.
3. Spør kvarandre!
Spør medelevane dine korleis det går, og fortel korleis det går med deg. Spør gjerne læraren din òg, men hugs då å bruke høfleg form. Du kan bruke snakkehjelpa i boksen under til å begynne med, men målet er å snakke heilt fritt.
4. Formell eller uformell?
Avgjer om tonen i setningane under er formell eller uformell. Du finn setningane både i vipp-ut-boksen og i den interaktive øvinga.
Kva ord signaliserer at tonen er formell eller uformell? Kommenter kort.
5. Skriv dialogar
Skriv dialogar til situasjonane på bileta. Kor mange setningar klarer du? Hugs høfleg form der det er naturleg.
6. Lytt og skriv
Kva seier ungdommane? Sjå videoane saman i klassen, og skriv ned dialogane. Slå av tekstinga før de startar videoane.



