Oppgåve
Interaktivt innhald
Grammatikmix
Repeter grammatikken frå leksjon 7: presens perfektum, preteritum av haben og sein, og leddsetningar i tysk.

Øving 1: Bøying av hjelpeverba haben og sein
- Gjer utfyllingsøvingane.
- Omsett setningane til tysk. Dette er gloser som du har lært til no og som du skal kjenne til.
Øving 2: Presens perfektum av regelrette verb
- Gjer øvinga.
- Omsett til norsk og sjekk at du forstår alle orda.
Øving 3: Verb med perfektum partisipp utan ge-
Øving 4: Sein som hjelpeverb
Kva for verb tar sein som tidshjelpeverb i presens perfektum?
Øving 5: Haben eller sein?
Øving 6: Uregelrette verb i presens perfektum
Dei femten uregelrette verba i denne øvinga har du alle møtt i dei første sju leksjonane. Dei er mykje brukte, og du bør kunne dei godt. Øv på dei til dei "sit".
Øving 7: Viktig å vite om leddsetningar
- Kva er ei leddsetning?
- Kva er jobben til ein subjunksjon?
- Kva tyder subjunksjonane weil, dass, wenn og ob på norsk?
- Weil, dass, wenn og ob innleiar ulike typar leddsetningar. Veit du kva for nokre?
- Kvar er plassen til det bøygde verbet i tyske leddsetningar?
Øving 8: Setningsbygnad
Øving 9: Årsakssetningar
Øving 10: Preteritum av sein og haben
Presens perfektum er den vanlege fortidsforma i munnleg tysk, med unntak av verba sein og haben. Vi bruker til vanleg preteritumsforma av desse to verba.