Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Adjektivbøying (akkusativ)

Repeter adjektivbøying i nominativ og lær om adjektivbøying i akkusativ.

Nominativ og akkusativ

Nominativ er forma til subjektet og predikativet, akkusativ er forma til det direkte objektet.

Øving 1

Repeter fagomgrep og adjektiv i nominativ.

Adjektivbøying

Adjektivet må altså få samsvarsbøying når det står framfor substantivet. Men i tysk må vi passe på litt meir enn kjønn og tal på substantivet. Vi må også sjekke om substantivfrasen er subjekt eller objekt i setninga.

Øving 2

Samanlikn setningane og finn ut:

  1. Kva substantivfrasar i tabellen står i nominativ (subjektskasus)?
  2. Kva substantivfrasar står i akkusativ (kasusen til det direkte objektet)?
  3. Kvar er det forskjell mellom nominativ- og akkusativ-formene?
eksempelsetningar

Døme 1

Døme 2

Der rote Mantel ist cool.

Ich kaufe den roten Mantel.

Die gelbe Tasche ist teuer.

Ich kaufe die gelbe Tasche.

Das blaue Kleid ist neu.

Ich kaufe das blaue Kleid.

Die neuen Sneakers sind bequem.

Ich liebe die neuen Sneakers.

Das ist ein roter Mantel.

Ich kaufe einen roten Mantel.

Das ist eine gelbe Tasche.

Ich kaufe eine gelbe Tasche.

Das ist ein blaues Kleid.

Ich kaufe ein blaues Kleid.

Das sind neue Sneakers.

Ich kaufe neue Sneakers.

Svar

  1. Substantivfrasane i setningane i kolonnen "Døme 1" står i nominativ. I dei fire første setningane er substantivfrasen subjekt i setninga. I dei fire siste setningane er das subjekt, medan substantivfrasen er predikativ.

  2. Substantivfrasane i setningane i kolonnen "Døme 2" står i akkusativ.
  3. Det er berre i akkusativ eintal av hankjønnsord at det er forskjell mellom nominativ- og akkusativform. Elles er nominativ- og akkusativformene heilt like. (Jippi!)

Øving 3

Innprent deg døma i tabellen og løys deretter dei interaktive øvingane.

Bestemt artikkel + adjektiv + substantiv

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Nominativ

der rote Mantel

die gelbe Tasche

das blaue Kleid

die neuen Sneakers

Akkusativ

den roten Mantel

die gelbe Tasche

das blaue Kleid

die neuen Sneakers

Øving 4

Innprent deg døma i tabellen og løys deretter dei interaktive øvingane.

ubestemt artikkel + adjektiv + substantiv

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Nominativ

ein roter Mantel

eine gelbe Tasche

ein blaues Kleid

neue Sneakers

Akkusativ

einen roten Mantel

eine gelbe Tasche

ein blaues Kleid

neue Sneakers

Øving 5

Innprent deg døma i tabellen og gjer deretter vendekort-øvinga. Jobb gjerne saman med ein medelev!

akkusativ

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Ubestemt form

einen neuen Hut

eine neue Jeans

ein neues Hemd

neue Schuhe

Bestemt form

den neuen Hut

die neue Jeans

das neue Hemd

die neuen Schuhe

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 10.11.2019