Adjektivbøying 1: nominativ - Tysk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Forelesing og presentasjon

Adjektivbøying 1: nominativ

I tysk bøyer vi adjektivet i samsvar med substantivet det står til. Lær om adjektivbøying i nominativ (subjektsform).

Samsvarsbøying

I norsk bøyer vi adjektivet i samsvar med substantivet det står til:

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

ein raud genser

ei raud jakke

eit raudt skjørt

raude sokkar

den raude genseren

den raude jakka

det raude skjørtet

dei raude sokkane

Det same gjer vi i tysk:

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

ein roter Pulli

eine rote Jacke

ein rotes Kleid

rote Socken

der rote Pulli

die rote Jacke

das rote Kleid

die roten Socken

Men vi bøyer adjektivet berre når det står framfor substantivet. Når det står aleine, er det ubøygd:

Der Pulli ist rot. Die Jacke ist rot. Das Kleid ist rot. Die Socken sind rot.

Finn ut

  • Korleis oppfører norske adjektiv seg når dei står som predikativ (aleine)?
  • Svaret kan du finne slik: Lag fire norske setningsdøme etter mønsteret "der Pulli ist rot". Pass på å få med deg eit hankjønnsord, eit hokjønnsord, eit inkjekjønnsord og eit ord i fleirtalsform. Då vil du sjå med éin gong om tysk og norsk er like på dette punktet eller ikkje.
Svar

På dette punktet har norske adjektiv faktisk meir bøying enn tyske! Norske adjektiv skal bøyast i samsvar med substantivet dei beskriv, sjølv om dei står aleine: Han er snill. Ho er snill. Barnet er snilt. Dei er snille.

Nokre nyttige fagomgrep

Dersom du ikkje hugsar omgrepa frase og attributiv og predikativ stilling, bør du kort friske opp kunnskapane.

Frasar

  • Frasar er to eller fleire ord som høyrer saman.
  • Ein substantivfrase til dømes er ofte sett saman av ein artikkel, eit adjektiv og eit substantiv: den snille jenta.
  • Substantivet er "sjefen" i frasen. Sagt med eit fagomgrep: Substantivet er kjernen eller overleddet i frasen.
  • Artikkelen og adjektivet derimot er underledd, dei må tilpasse seg substantivet.
  • Artikkel og adjektiv får samsvarsbøying. Med det meiner vi at kjønn og tal på substantivet avgjer kva slags endingar dei får.

Attributiv og predikativ stilling

  • Når adjektivet står framfor substantivet, seier vi at det er brukt attributivt: ein snill gut. Adjektivet er då ein del av substantivfrasen.
  • Når adjektivet står aleine etter å vere eller å bli, seier vi at det er brukt predikativt: Guten er snill.

Øving 1: Bestemt artikkel + adjektiv + substantiv

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

der blaue Pulli

die blaue Jacke

das blaue Kleid

die blauen Socken


Øving 2: Ubestemt artikkel + adjektiv + substantiv

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

ein blauer Pulli

eine blaue Jacke

ein blaues Kleid

blaue Socken

Øving 3: Bestemt/ubestemt artikkel + adjektiv + substantiv

hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

der blaue Pulli

die blaue Jacke

das blaue Kleid

die blauen Socken

ein blauer Pulli

eine blaue Jacke

ein blaues Kleid

blaue Kleider

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2019