Oppgave
Ta valet!
No er tida inne for å kome fram til kva parti du vil røyste på.
Set opp ei liste over dei partia det kan vere aktuelt for deg å røyste på.
Viss du har skrive meir enn eitt parti, må du gjere ei nøyare vurdering for å kome fram til eit endeleg val. Du kan sjå på artikkelen Guide til førstegongsveljaren for å få tips til korleis du kan gå fram for å kome til ein konklusjon.
Når du har kome fram til ein konklusjon, kan du sjå videoen under som forklarer korleis du avlegg røysta di i praksis.
Gratulerer! Du er no ein aktiv del av det norske demokratiet.