Oppgåve
Video
Supermat
Ifølgje tilhengjarane kan supermat sikre deg god helse og førebyggje sjukdommar. Har nokon typar mat heilt spesielle eigenskapar som gjer han spesielt sunn, og kva matvarer er i tilfelle det?
Oppgåve 1. Brassica
Sjå reklamefilmen frå 21:20 til 21:55 og svar på spørsmåla under.
Får du lyst til å prøve dette produktet? Kvifor? Kvifor ikkje?
- Trur du at Brassica kan gi deg meir energi? Grunngi svaret.
- Kven tenkjer du er målgruppa for denne reklamen?
- Kva verkemiddel bruker reklamen for å nå fram til målgruppa?
Oppgåve 2. Folkeopplysningen
Sjå Folkeopplysningen om supermat
- Korleis blir supermat marknadsført?
- Kvifor trur du at mange er villige til å bruke pengar på supermat?
- Kvifor trur du nokon blir meir overtydde av marknadsføring for supermat enn av kosthaldsråd frå staten?
- Kva metodar bruker Andreas Wahl for å finne ut om supermaten er så bra som reklamen lovar?
Utforsk ulike reklamar for supermat
- Finn eit døme på ein reklame for supermat.
- I kva grad stemmer informasjonen i reklamen du har funne med verkelegheita? Grunngi svaret.
- Vis dømet ditt til ein eller fleire av dei andre elevane saman med grunngivinga di.
- Diskuter døma i fellesskap. Stemmer reklamane de har funne med verkelegheita eller ikkje?