Streik - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Streik

Streik blei første gongen teke i bruk i Noreg i samband med bergverksdrifta på 1600-talet. Streik vil seie at arbeidstakarane legg ned arbeidet. I dag er dette eit lovleg verkemiddel i arbeidslivet.

Kvifor streik?

Formålet med ein streik er å tvinge fram ei løysing på ein tvist, eller ein konflikt, mellom arbeidstakarane og arbeidsgivaren som arbeidstakarane kan vere fornøgde med. Streik er altså eit pressmiddel, fordi nedlegging av arbeidet kan påverke kundar og brukarar og slik påføre arbeidsgivaren store økonomiske tap. I juli 2022 var til dømes nesten alle flyavgangar med flyselskapet SAS i Skandinavia avlyste på grunn av at pilotane streika. Frontane var harde, og streiken fekk òg store oppslag i media.

Lockout

Arbeidsgiversiden har også et virkemiddel som likner på streik, nemlig lockout. Ved en lockout blir arbeidsplassen helt eller delvis stengt. Dette skjer gjerne samtidig med en pågående streik, slik at arbeidstakere som ikke er i streik, blir permitterte. På samme måte som streik er hensikten med et slikt virkemiddel å tvinge fram en løsning på konflikten, til egen fordel. Lockout benyttes sjeldnere enn streik.

Reglar om streik

Retten til å streike er regulert av to lover: arbeidstvistlova av 1928 og tenestetvistlova av 1958.5 Lovene seier noko om kven som har lov til å streike, og når det er lov til å gå til streik. Det er forbode å streike når ein er gyldig, og når det kjem til tvistar om den avtalen som gjeld. Ein tariffavtale er gyldig i ein viss periode, ein tariffperiode, og det er først når denne perioden er ute og ein skal forhandle om ein ny avtale, at arbeidstakarane har rett til å streike.

Dei fleste gruppene i arbeidslivet har rett og lov til å streike. Men nokre fell likevel utanfor dette. Det gjeld embetsmenn og militære.

Relatert innhald

Fagstoff
Fagorganisering

Som arbeidstakar kan du bli medlem i ei fagforeining som skal hjelpe deg å ta vare på rettane dine som arbeidstakar.

Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2022