Kva seksualiteten har å seie for identiteten - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva seksualiteten har å seie for identiteten

Kva samanheng er det mellom seksualiteten vår og identiteten vår? Har det biologiske kjønnet vårt innverknad på korleis vi definerer identiteten vår? Kva er kjønnsidentitet? Korleis uttrykkjer vi kjønnet vårt? Seksualitet og identitet er meir enn det du ser.

Kva er samanhengen mellom seksualitet og identitet?

Seksualitet er ein integrert del av oss heilt frå befruktinga. Verdas helseorganisasjonen definerer seksualitet slik:

[...] eit sentralt aspekt av å vere menneske gjennom heile livet omfattar sex, kjønnsidentitetar og roller, seksuell legning, erotikk, glede, intimitet og reproduksjon. Seksualitet blir opplevd og uttrykt i tankar, fantasiar, ønske, tru, haldningar, verdiar, åtferd, praksis, roller og relasjonar. Mens seksualitet kan omfatte alle desse dimensjonane, blir ikkje alle av dei alltid opplevde eller uttrykte. Seksualitet blir påverka av samspelet mellom biologiske, psykologiske, sosiale, økonomiske, politiske, kulturelle, juridiske, historiske, religiøse og åndelege faktorar.

(WHO, 2006, omsett frå engelsk av NDLA)

Ut i frå denne definisjonen er seksualitet eit stort og omfattande omgrep, og det påverkar identiteten vår ved at vi definerer oss ut i frå seksualiteten vår. Dersom vi føler oss som jente/kvinne eller gut/mann, påverkar det identiteten vår. I tillegg er vi påverka av kva for eit biologisk kjønn vi er fødde med. Samtidig blir identiteten vår påverka av kvar vi veks opp, kvar vi bur, religion, etnisitet, nasjonalitet, språk, familieforhold, alder, utdanning og liknande. Veks du opp med at seksualitet er ein akseptert del av deg, eller at seksualitet er noko vi ikkje snakkar om, vil det påverke heile identiteten din.

Kjønnsidentitet

Det første vi spør om når eit barn kjem til verda, er om det vart jente eller gut. Vi er opptekne av å vite kva for eit biologisk kjønn barnet er fødd med. Etter kvart som barnet veks opp, blir dei fleste barn definerte av omgivnadene og seg sjølv som jente eller gut. Vi går ut frå at alle menneske fell inn under desse to kategoriane. Men gjer vi eigentleg det?

Eit mennesket som blir fødd med det biologiske kjønnet gut, og som i tillegg opplever seg sjølv som gut, har ein kjønnsidentitet som er samsvarande med biologisk kjønn. Dersom han viser interesse for leiker som traktor og Spiderman, viser han eit kjønnsuttrykk som passar inn i forventningane samfunnet har til det å vere gut.

Transpersonar

Slik er det likevel ikkje alltid. Nokre menneske opplever at det biologiske kjønnet dei er fødde med, ikkje stemmer overeins med korleis dei opplever seg, altså kjønnsidentiteten til personen.

Sei at eit barn blir fødd med det biologiske kjønnet gut, men identifiserer seg som jente og har lyst til å leve som jente. Det blir kalla å vere transperson. Ein transperson treng ikkje nødvendigvis å vere tiltrekt av same biologiske kjønn eller same kjønnsidentitet som seg sjølv, og derfor vil dei ikkje oppfatte seg som homofile, lesbiske eller bifile, men heterofile.

Seksuell tiltrekking

Tiltrekking eller seksuell identitet handlar om kva personar du forelskar deg i. Vi kan dele det i romantisk tiltrekking og seksuell tiltrekking. Dersom du er fødd med det biologiske kjønnet gut og kjønnsidentiteten din er gut, og du forelskar deg i gutar, vil identiteten din blir knytt til å vere homofil. For jenter som blir tiltrekte av jenter, vil identiteten vere knytt til å vere lesbisk. Nokon kan bli tiltrekte av både jenter og gutar og dermed identifisere seg som bifile.

Ein skjønn identitet

RVTS sør (Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging) utarbeidde ein modell dei har kalla "ein skjønn identitet". Denne modellen illustrerer nettopp det at identiteten vår består av eit mangfald av kjønn, og at det er lov og greitt å kjenne seg heime i tradisjonelle kjønnsforventningar, samtidig som det er greitt at nokon føler det på ein annan måte. Menneske er samansette, og alle har krav og rett på å få vere den dei føler seg som. RVTS har laga ein film der dei bruker modellen til å utforske kjønnsmangfald.

Video: RVTS Sør / CC BY-SA 4.0

Oppgåva til barne- og ungdomsarbeidaren

Dessverre er det slik at mange barn og unge som opplever at dei har eit anna kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet enn det som svarer til det tradisjonelle synet, ofte opplever utestenging, homofobisk erting og seksuell trakassering. Forsking har visst at bifile, homofile, lesbiske og elevar med eit utypisk kjønnsuttrykk ofte blir meir mobba i skulen, og unge skeive med minoritetsbakgrunn er ei spesielt sårbar gruppe (bufdir.no).

Jobben din blir å sørgje for å spreie kunnskap om kjønnsmangfald og seksuelt mangfald for å førebyggje fordommar og mobbing. I tillegg skal du fremje verdien at vi alle er like verdifulle, og at vi kan få vere det mennesket vi ønskjer å vere. Toleranse og respekt er viktig i dette arbeidet. Jobben din er ikkje å forandre barn og unge, men å anerkjenne dei for akkurat den personen dei er.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig å møte barn og unge som dei er?

  2. Kva normer og forventningar har lokalsamfunnet ditt til kjønn?

  3. Meiningar om kjønnsmangfald er delte i Noreg. Kva tenkjer du om temaet?

Kjelder

Bufdir. (2020, 28. juli). Skole og utdanning. https://www.bufdir.no/statistikk_og_analyse/lhbtiq/skole_og_utdanning/

LINK – Livsmestring i norske klasserom. (u.å.) En skjønn identitet: En samling om kjønnsmangfold. Henta 18. mars 2021 frå https://www.linktillivet.no/filer/kjonnsmangfold_link.PDF

Follestad, T. H., Slettvoll, T. & Solli, S. (u.å.). Seksuell identitet og kjønnsidentitet. I M. Johansen & S. Gamnes (Red.), eMetodebok for seksuell helse. Henta 18. mars 2021 frå https://www.emetodebok.no/kapittel/seksualitet-seksuelle-dysfunksjoner-og-sexologi/

World Health Organization. (2006). Defining sexual health: Report of a technical consultation on sexual health. https://www3.paho.org/hq/dmdocuments/2009/defining_sexual_health.pdf

Relatert innhald

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021