Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

22. juli 2011

Fagstoff
Video

Reaksjonar på terroren 22. juli 2011

"Ufatteleg", "uverkeleg", "ikkje til å tru". Helga 22.–24. juli 2011 var tung å kome gjennom for mange i Noreg. Vi lever jo i det tryggaste landet i verda! Korleis kunne eit terrorangrep skje her? Reaksjonane var sterke rett etter terrorhendinga.

Statsminister Jens Stoltenberg sine reaksjonar

I filmen under (lengde 1:43) kan du sjå byrjinga på Stoltenberg sin pressekonferanse 23. juli.

Cirka klokka 08.09 om morgonen 23. juli heldt statsminister Stoltenberg ein pressekonferanse, der bodskapen bar preg av dei endelege tala på døde. Noreg hadde vore utsett for ei terrorhending som hadde teke livet av 77 menneske.

Statsministeren kalla hendinga ein "nasjonal tragedie" og beskreiv det som hadde skjedd som eit mareritt. Han hadde sjølv vore generalsekretær i AUF i mange år før han blei partileiar i Arbeidarpartiet og statsminister, og kjende Utøya godt.

"For meg er Utøya min ungdoms paradis som i går ble forandret til et helvete", avslutta den øvste leiaren i landet.

I dagane og vekene som følgde angrepet, blei statsministeren for mange eit symbol på Noregs kamp mot terroristen.

Talane til statsministeren som oppmoda til "meir demokrati, meir openheit – men aldri naivitet", var populære. Dei fylte kanskje eit behov for meining i det som verka heilt ufatteleg og meiningslaust.

Helle Gannestad sin tweet

"Når en mann kan forårsake så mye ondt – tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen." Den unge AUF-medlemmen Helle Gannestad, som ikkje sjølv var på Utøya 22. juli, la ut denne meldinga på twitter 23. juli, dagen etter terrorhendinga i Oslo og på Utøya. Heilt sidan den gongen har Gannestad sin tweet vore eit viktig symbol på dei første reaksjonane på terroren i Noreg. Noreg møtte hatet med kjærleik.

I filmen under frå NRK skole (lengde 02:57) kan du sjå ein reportasje frå april 2012 der Helle Gannestad fortel om tweeten sin, som gjekk verda rundt.

Blomsterhavet 24. juli og rosetoget i Oslo 25. juli

Søndag 24. juli reiste mange inn til Oslo sentrum for å leggje ned blomstrar, bamsar og ulike helsingar til offera, ramma og etterlatne utanfor Oslo domkyrkje. Det same skjedde i fleire store byar i Noreg. Terrorangrepet blei ikkje berre oppfatta som eit angrep på dei som oppheldt seg på AUFs sommarleir og i regjeringskvartalet, men som eit angrep på oss alle. Ungdommane frå Utøya hadde jo kome frå heile landet.

Svært mange hadde eit sterkt behov for å ta avstand til handlinga, og måndag 25. juli blei den største folkelege markeringa halden på Rådhusplassen i Oslo. Initiativet kom frå privatpersonen Terje Bratland på Facebook. Han hadde håp om at 80 000 skulle møte opp til eit fakkeltog i Oslos gater. I staden kom det 250 000 for å markere avskyen over angrepet, med raude og kvite roser i hendene. Både statsminister Jens Stoltenberg og kronprins Haakon Magnus heldt sterke appellar. Denne kvelden har blitt ståande som eit viktig symbol på måten Noreg som nasjon møtte terroren på. Vi gjekk ut i gatene med roser, ikkje med våpen og hemntankar.

Filmen under (lengde 3:37) viser klipp frå minnemarkeringane i dagane etter 22. juli.

Nasjonal minneseremoni 21. august 2011

21. august 2011 blei ein offisiell nasjonal minneseremoni halden i Oslo Spektrum for å minnast offera. Her deltok mellom anna kong Harald V, som heldt ein tale som fekk mykje ros etterpå. "Kjære alle sammen", begynte kongen framfor dei 6700 som var til stades: "No er nesten alle ord brukte opp." Publikum i salen var offer, pårørande og hjelpemannskap frå redningsarbeidet 22. juli. Seremonien blei overført i alle kanalar, og ved sida av kongen og statsministeren bidrog òg fleire artistar til ein minnerik seremoni. "Tusen tegninger" blei framført av Karpe Diem, og Susanne Sundfør song “Mitt lille land” av Ole Paus.

Med dette var den offisielle sørgeperioden på mange måtar over. Offera frå Utøya var gravlagde. Partia rusta seg langsamt for valkamp i valåret 2011. Den hausten stemte ungdommar ved valet som aldri før. Det var tydeleg at terroren hadde fått mange til å tenke litt ekstra på demokratiet i Noreg.

I filmen under (lengde 06:38) kan du sjå klipp frå minneseremonien.

Reaksjonar på terroren utover hausten 2011

Kort tid etter 22. juli blei det nedsett ein kommisjon som skulle sjå nærare på korleis Noreg takla terroren og trekke lærdom for framtida. Mellom anna var det slik at forseinkingar og misforståingar prega timane frå bilbomba gjekk av i Oslo sentrum og fram til arrestasjonen på Utøya. Konklusjonane til kommisjonen, som kom 12. august 2012, var til dels knusande. Rapporten peika på den dårlege politiberedskapen, manglande sikring av Grubbegata og regjeringskvartalet, og at PST, Politiets sikkerheitsteneste kunne ha oppdaga terroristen. Dersom statlege styresmakter hadde vore betre førebudd, så hadde kanskje færre mista livet.

I tillegg laga Antirasistisk Senter, ei uavhengig stifting som rettar søkelyset mot rasisme, i 2012 ein rapport om det som hende i Oslo dei 2–3 timane før gjerningsmannen blei arrestert. Rapporten gir eit inntrykk av den frykta mange kjende på denne ettermiddagen. Han inneheld intervju med cirka 60 personar som opplevde krenkingar fordi dei var mørke i huda. Han fortel òg om letten over at det var ein kvit nordmann som til slutt blei teken for ugjerninga.

Oppsummering

Reaksjonane som du har lese om no, vekte oppsikt i utlandet. Noreg svor ikkje hemn over terroristen, men lova heller at Anders Behring Breivik ikkje skulle klare å forandre oss. Vi skulle svare på terroren med "meir demokrati og meir openheit" – det var dei våpena vi skulle bruke. Noreg stod samla mot hatet, i alle fall i den første tida etter terrorangrepet.

Kjelder

Antirasistisk Senter. (2012). Om trakassering av muslimer og innvandrere etter eksplosjonen i Regjeringskvartalet 22.07.2011. http://antirasistisk.no/wp-content/uploads/2014/04/trakassering-av-muslimer-og-innvandrere-etter-eksplosjonen-i-regjeringskvartalet-22.-juli-2011.PDF

Notaker, H. (2021). Arbeiderpartiet og 22. juli. Aschehoug: Oslo.

NOU 2012: 14. (2012). Rapport fra 22. juli-kommisjonen. Servicesenteret for departementa. Informasjonsforvaltning. https://www.regjeringen.no/contentassets/bb3dc76229c64735b4f6eb4dbfcdbfe8/no/pdfs/nou201220120014000dddpdfs.PDF

Rafoss, T. W. (2015). Meningsløs terror og meningsfylt fellesskap: Stoltenbergs taler etter 22. juli. Sosiologisk Tidsskrift, 2015(1–02), 6 –28.

Seierstad, Å. (2013). En av oss. En fortelling om Norge. Kagge forlag: Oslo.

Skrive av Pia-Helene Amundsen.
Sist oppdatert 14.04.2026