Prosjektoppgåve: Samhald - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Prosjektoppgåve: Samhald

Dette prosjektet er meint som ei avslutning på arbeid med det tverrfaglege temaet Innanfor/utanfor. I prosjektet blir de utfordra til å gjere noko konkret og praktisk for å hindre utanforskap på skulen de går på.

Del 1: Samhaldsprosjekt

Bli einige som klasse, fleire klassar – eller som heile skulen – kva for eit praktisk prosjekt de vil gjennomføre for å knyte elevane tettare saman og hindre at nokon blir ståande utanfor.

Dette kan vere eit prosjekt som går over berre ein dag, ein kort periode eller heile skuleåret. Hugs at budsjettet de har til rådigheit, kan setje grenser for kva som lèt seg gjennomføre.

Forslag til kva de kan gjere:

  • elevkveld med underhaldning

  • spelekveld (til dømes brettspel, kortspel, rollespel, dataspel)

  • filmklubb

  • plakatkampanje

  • kokkekurs med rettar frå Noreg og verda

  • kunstverkstad: lag utsmykking til klasserom/fellesareal

  • Lær meg noko! (Elevar som kan noko spesielt, underviser andre.)

  • fotokurs med kurs i biletredigering

De treng ikkje velje eit av desse forslaga. Ver kreativ og tenk gjennom kva som har effekt på skulen de går på. Det viktige er at de har ein klar plan for korleis prosjektet skal gjere at elevane blir betre kjent, og at ingen blir ståande utanfor.

Hugs at budsjettet de disponerer, kan setje avgrensingar for kva som lèt seg gjennomføre. Prøv å finne tiltak som fungerer godt utan å krevje store ressursar.

Del 2: Refleksjonsnotat

Korleis fungerte prosjektet for å styrkje samhald og hindre utanforskap? Lag eit refleksjonsnotat der du forklarer

  • kva som var bra med prosjektet

  • kva som burde vore gjort annleis

  • korleis prosjektet var for deg

Notatet kan leverast anonymt.

Skrive av Tone Hesjedal.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021