Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

22. juli 2011

Oppgåve
Interaktivt innhald

Oppsummering: 22. juli

Oppgåve 1. 22. juli i bilete

Vel eit av bileta som du synest gir ei god oppsummering av terrorhendinga 22. juli 2011. Finn du ikkje nokon passande bilete i oppgåva? Hent gjerne andre frå internett, men hugs å grunngi valet ditt.

Kvifor valde du dette biletet? Del med ein medelev.

Oppgåve 2. 22. juli i ord

Les sitata over. Fleire av dei har vore viktige for mange i tida etter 22. juli 2011. Diskuter med ein medelev eller felles i klassen:

  1. Kva har sitata til felles?

  2. Kva historie om 22. juli blir fortald gjennom sitata?

  3. Kvifor trur de denne historia om 22. juli var så viktig i tida etter terrorhendinga?

  4. Er det andre historier som kan forteljast om 22. juli, med eit anna fokus?

Oppgåve 3. Felles dialog i klassen

De er truleg for unge til å hugse noko frå 22. juli 2011. Ein dag vil dei som er nokre få år eldre enn dykk, vere dei siste som hugsar noko frå denne grusomme dagen og tida etter. Dei vil bli dei siste tidsvitna. Kva meiner de er det viktigaste å formidle om 22. juli til dei unge i framtida?

Skrive av Pia-Helene Amundsen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 10.04.2026