Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Mitt prosjekt for økt fysisk aktivitet

Oppgåve

Eigenvurdering fysisk aktivitet

Når du har gjennomført eit prosjekt, kan det vere lurt å evaluere det. Diskuter dei positive effektane du fekk frå prosjektet og skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer korleis det fungerte for deg.

Oppgåve 1. Positive effektar

Oppgåve 2. Eigenvurdering

Beskriv kva du gjorde i prosjektperioden og vurder korleis prosjektet fungerte for deg. Du kan gjennomføre eigenvurderinga på fleire ulike måtar. Det kan til dømes vere

  • eit lydopptak

  • ei digital forteljing

  • eit refleksjonsnotat

  • eit videointervju

Ta gjerne utgangspunkt i hjelpespørsmåla under når du skal vurdere prosjektet:

  • Kor mykje fysisk aktivitet gjennomførte du før prosjektet?

  • Kor mykje fysisk aktivitet gjennomførte du i prosjektperioden?

  • Kva fungerte bra?

  • Kva var dei største utfordringane du møtte på undervegs?

  • Korleis prøvde du å løyse dei utfordringane du møtte?

  • Kva erfaringar frå dette prosjektet kan du ta med deg vidare for å auke den fysiske aktiviteten din? Skriv gjerne nokre konkrete tips til deg sjølv.

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Cathrine Dunker Furuly .
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Mitt prosjekt for økt fysisk aktivitet