Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Mitt prosjekt for økt fysisk aktivitet

Oppgåve

Mitt prosjekt for auka aktivitet

Korleis kan du bli meir fysisk aktiv? I dette prosjektet skal du setje opp din eigen aktivitetsplan med mål om å bli meir aktiv i kvardagen. Det finst mange måtar å bli meir aktiv på, og du må finne den måten som passar best for deg.

I dette prosjektet skal du lage og gjennomføre ein plan for auka fysisk aktivitet. Målet med prosjektet er at du skal bli litt meir aktiv enn det du er i dag.

Oppgåveskildring og rammer for prosjektet

  • Mål: Du skal bli litt meir fysisk aktiv enn du er i dag.

  • Varigheit: Fire veker.

  • Førebuing: Lag ein periodeplan med ei oversikt over når og korleis du kan vere meir fysisk aktiv. I artikkelen "Korleis planlegge trening?" finn du eit forslag til ein periodeplan.

  • Gjennomføring: Gjennomfør aktivitetane som planlagt. Logg øktene, anten med ein treningsapp, selfiar, ei treningsdagbok eller liknande. Lag gjerne grupper i klassen som kan hjelpe å motivere kvarandre.

  • Etterarbeid: Gjennomfør ei eigenvurdering. I oppgåva "Eigenvurdering fysisk aktivitet" finn du eit forslag til korleis eigenvurderinga kan gjennomførast.

Refleksjonsoppgåver

Som ei førebuing skal du reflektere over og svare på fem spørsmål, som kan hjelpe deg å gjennomføre prosjektet. Diskuter gjerne spørsmåla med ein annan elev, eller jobb saman i grupper.

  1. Kvifor er det viktig å vere i fysisk aktivitet?

  2. Korleis kan du motivere deg sjølv til å bli meir fysisk aktiv? Kva gir deg indre motivasjon, og kva kan du gjere for å motivere deg sjølv?

  3. Kva aktivitetar passar for deg?

  4. Når, kor lenge og kor mykje skal du bevege deg?

  5. Korleis kan du følge opp prosjektet undervegs? Set opp minst tre punkt for korleis du kan følge opp prosjektet.

Nedanfor finn du lenker til artiklar og podkastar der du kan få tips og hjelp til å svare på spørsmåla og gjennomføre prosjektet.

Lenker og tips til fordjuping

Om fysisk aktivitet

Om motivasjon og målsetjing

Om treningsplanlegging

Om ulike former for fysisk aktivitet

Podkastar om trening og fysisk aktivitet

Tips! Bruk gjerne podkastane som motivasjon undervegs i prosjektet.

Ein alternativ måte å gjennomføre prosjektet på

Ein alternativ måte å gjennomføre prosjektet på er at du startar med å kartlegge ditt eige aktivitetsnivå og samanliknar det med tilrådingane frå Helsedirektoratet. Deretter kan du lage ein aktivitetsplan og gjennomføre prosjektet som beskrive over.

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2021