Du er no inne i ein læringssti:
Prosjektet mitt for berekraftig endring
FNs berekraftsmål – kvar skal eg starte?
Start med noko som engasjerer deg!
Sjølv om mange tiltak for å løyse problem blir sette i gong av styremakter og organisasjonar, kan vi som privatpersonar òg påverke for å få endring. Kanskje du har opplevd å bli frustrert over at ting skjer for sakte, og at du har lyst til å setje i gang med noko sjølv?
Det er ein god idé å starte med noko som er viktig for deg, og som engasjerer deg. Viss du vil fokusere på noko som bidreg til ei berekraftig utvikling, så kan FNs berekraftsmål vere ein stad å starte.
Måla er laga for å gjere det lettare å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dei består av 17 hovudmål og 169 delmål. Det er veldig mange mål å engasjere seg i. Kvar skal vi starte? Testen "Det viktigaste målet i verda" kan hjelpe oss med dette. Her tek du stilling til påstandar om berekraft og får oversikt over kva område som engasjerer deg.
Oppgåver
- Sjå på oversikta over FNs berekraftsmål. Er det nokon av måla som handlar om det du er mest oppteken av? Forklar.
Les meir om FNs berekraftsmål - På kva måte er dette målet viktig for at utviklinga i verda skal bli berekraftig?
- Gjennomfør testen "Det viktigaste målet i verda" hos NORAD.
- Kva for eit berekraftsmål var viktigast for deg, ifølge testen? Kva andre berekraftsmål henger dette målet saman med?
- Kvifor fekk du dette resultatet, trur du?
- Samanlikn resultatet med det berekraftsmålet du trudde du skulle få. Kommenter.
- Samle inn resultata i klassen og lag ei oversikt over kva berekraftsmål som engasjerer dykk mest.
- Finn de nokon fellestrekk?
- Er det nokon berekraftsmål som ingen i klassen får? Kva kan vere årsakene til det?
- Korleis trur de resultata ville blitt viss ungdommar i andre land hadde teke testen?