Jobb med kortfilmen Nattrikken

Før du ser filmen Nattrikken
Studer scenebiletet frå kortfilmen Nattrikken. Kva tankar gjer du deg om dei to personane på biletet?
Sjå filmen Nattrikken
Sjå kortfilmen Nattrikken på Filmbib.
For å sjå filmar på bibliotektenesta Filmbib må du skaffe deg nasjonalt lånekort på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Gruppesamtale om trakassering
Sit saman i grupper på fem elevar.
På førehand lagar de fem lappar der kvar lapp representerer ein av karakterane i kortfilmen Nattrikken. Karakterane er
trikkeførar Ebba
transkvinna Ariel
mann som sjekkar opp Ariel
venn til han som sjekkar opp Ariel
anonym trikkepassasjer
Medlemmene i gruppesamtalen trekker ein lapp kvar før samtalen begynner.
Beskriv etter tur dei kjenslene de trur oppstår hos "dykkar" filmkarakter i samband med det som skjer på nattrikken.
Kvifor trur de nokon har behov for å trakassere menneske dei opplever som "annleis"?
Har de sjølv opplevd eller vore vitne til trakassering på bussen eller trikken? Del erfaringar med dei andre i gruppa.
Korleis takla de denne situasjonen?
Korleis skulle de ønskt at de hadde takla situasjonen?
Relatert innhald
Kortfilmen Nattrikken handlar om fordommar og mobbing, men òg om mot og styrke.