Oppgave
Jobb med filmen Kvinne på krigsstien
Kvinne på krigsstien er ein islandsk spelefilm om ei kvinnes kamp mot kraftutbygging.
Kva betyr det å vere "på krigsstien"?
Kva døme på kraftutbygging kjenner de frå området der de bur? Har det vore konfliktar rundt denne utbygginga?
Korleis kan vi som enkeltpersonar vere med å påverke slike prosessar?
Kvifor kjempar hovudpersonen Halla mot kraftleidningar på det islandske høglandet?
Forklar kva miljøvern og aktivisme betyr, og korleis desse temaa er sentrale i filmen.
- Handlinga i filmen går føre seg på Island. På kva måte er tematikken i filmen aktuell for oss i Noreg?
Diskuter korleis Halla bruker ulike taktikkar i kampen sin mot kraftutbygginga. Kva metodar tek ho i bruk? Kva tenker de om framgangsmåten til Halla?
Vurder konsekvensane av handlingane til Halla. Korleis påverkar aktivismen hennar samfunnet og miljøet?
Kva saker synest de er viktige i lokalmiljøet dykkar? Kva kan de gjere for å skape merksemd rundt desse sakene?