Korleis blir falske nyheiter spreidde?

Den informasjonen som lettast blir spreidd i sosiale medium er den som provoserer fram sterke kjensler. Dessutan er vi mest mottakelege for informasjon som forsterkar dei meiningane og fordommane vi har frå før.
Men nettopp i den augeblinken du tenker "endeleg fekk eg rett" og musepeikaren er på veg til likar- eller del-knappen, er tida inne for å utøve kjeldekritikk. Er det du no er i ferd med å spreie vidare i sosiale medium, faktisk sant? Eller er du med på å spreie falske nyheiter?
Kven som deler ei sak i sosiale medium, har større betyding for tilliten enn kven som faktisk har skrive saka, ifølge ei undersøking av The Media Insight Project (American Press Institute, 2016).
Vi har altså meir tillit til ei sak delt av ein person vi stoler på, men som er skrive av en ukjend person, enn til ei sak som er skrive av en kjend person, men delt av ein person vi ikkje stoler på.
Når du sjølv deler ei nyheit, påverkar du samtidig dei som stoler på deg til å dele nyheita vidare. Jo fleire som deler og kommenterer ei nyheit, jo meir seigliva blir historia. Men det betyr jo ikkje nødvendigvis at ho er sann.
Når det skjer dramatiske hendingar, har folk eit enormt behov for rask og riktig informasjon. I sosiale medium spreier informasjonen seg raskt, utan at nokon sjekkar om informasjonen er korrekt. Då kan det lett oppstå rykte som kan få dramatiske konsekvensar for dei det går ut over. Det kan også få oss til handle på måtar vi elles ikkje ville ha gjort. Her er eit døme:
Dagbladet: To menn ble lynsjet etter rykter på WhatsApp
Dramatiske eller overraskande nyheiter appellerer til oss. Vi får rett og slett berre lyst til å dele dei vidare. Det gjeld også unyanserte historier der nokre blir framstilte som heltar og andre som skurkar, eller der heltar blir avslørte som noko anna enn det dei ønsker å verke som.
Somme nyheitsoppslag framstiller til dømes den svenske miljøforkjemparen Greta Thunberg som ein ekte helt. Andre framstiller henne som ein falsk helt, eller som eit offer som lar seg utnytte. Fakta.no har sett nærmare på elleve påstandar om Greta Thunberg. Har du høyrt eller lese desse påstandane før?
Finansavisen: Påstandene som spres om Greta Thunberg – skulk, Soros og utnyttelse
Eit anna døme er historier om innvandrarar, og spesielt muslimar. Som ein del av hatretorikken i sosiale medium blir fabrikkerte historier brukte som bevis på at desse menneska har vonde eller skjulte agendaer.
Det er lett å la seg freiste til ukritisk å dele nyheiter som formidlar eit forenkla verdsbilete. Problemet er berre at verda ikkje er så enkel som enkelte ønsker vi skal tru at ho er. Deler vi falske nyheiter, kan vi vere med på å bygge opp og styrke konfliktar mellom ytterleggåande grupper i samfunnet.
Ein trugsel mot demokratiet
Når vi deler ukritisk, kan vi også umedvitne bli brukte av krefter som ønsker å oppnå bestemte politiske mål. Eit døme er korleis NRK-redaksjonen Folkeopplysningen forsøkte å påverke skulevalet ved Lillestrøm videregående skole, hausten 2020. Dette stuntet illustrerer godt korleis infiltratørar i tida vår forsøker å påverke demokratiske val over heile verda.
NRK: Folkeopplysningen: Slik forsøkte de å manipulere skolevalget
Tenk over
Nokre av Lillestrøm-elevane blei sinte og følte seg lura då sannheita kom fram. Korleis ville du ha reagert dersom det galt deg? Del gjerne tankane dine med ein medelev.
Falske nyheiter kan bli spreidde i all kommunikasjon mellom menneske. Men det er spesielt farleg når dei blir spreidde gjennom mediekanaler som folk over heile verda bruker dagleg. Her er dei viktigaste:
gjennom sosiale medium som Facebook, X og Instagram
via søkemotorar som Google
- via ulike nettforum
- via redaksjonelle medium som aviser, tv og radio
Redaksjonelle medium som aviser og kringkasting har profesjonelle medarbeidarar og faste rutinar for kjeldekritikk og faktasjekk. Men det hender i blant at det blir gjort feil her òg. Dessutan ser vi døme på at politisk overtyding eller kommersielle omsyn kan få eit mediehus til medvite å spreie falske nyheiter. Det er heldigvis eit sjeldan fenomen i Noreg.
Så kva kan du gjere i slike høve, før du eventuelt deler og er med på å spreie falske nyheiter vidare?
Først og fremst kan du tenke deg om to gonger før du spreier nyheita vidare.
- Er dette eigentleg for godt til å vere sant?
- Kven er den eigentlege avsendaren?
- Kven har noko å tene på at du vidareformidlar nyheita?
For å finne ut noko om dette kan du til dømes klikke deg inn på faktasjekknettverk som faktisk.no og bellingcat.com, som berre jobbar med å faktasjekke innhald som blir spreidd i ulike medium.