Korleis regulere kjensler? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis regulere kjensler?

Vi har mange ulike kjensler som påverkar oss på ulike vis. Det kan ofte vere vanskeleg å handtere kjenslene våre. Sjå ein film om kjensleregulering, og diskuter korleis vi kan handtere kjenslene våre på ein god måte.

Oppgåve 1. Kjensler

Diskuter før de ser filmen:

  1. Kvifor har vi kjensler?

  2. Kva er bra, og kva kan vere vanskeleg med kjensler?

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Oppgåve 2. Kjensleregulering

Sjå filmen over og svar på spørsmåla:

  1. Kvifor er kjenslene våre viktige for oss?

  2. Kva er kjensleregulering?

  3. Tenk gjennom dagen din så langt. Kva kjensler har du hatt i dag, og kva gjorde du for å regulere dei?

  4. Kva kan vere postive måtar å handtere kjenslene på? Gi minst tre konkrete døme.

  5. Kva kan vere negative måtar å handtere kjenslene på? Gi minst tre døme.

  6. Kvifor kan nokon måtar å takle kjensler på vere skadelege?

  7. Kva kan vi gjere for å forandre negative måtar å regulere kjensler på?

Oppgåve 3. God og dårleg kjensleregulering

Jobb saman i grupper:

  1. Diskuter kvifor det er viktig å finne positive måtar å handtere kjensler på.

  2. Vel tre ulike kjensler de synest det kan vere utfordrande å regulere (forslag: frykt, sinne, skam, tungsinn, fortviling, misunning, sjalusi, skyldkjensle, ømheit, forakt, lette, nysgjerrigheit, usikkerheit, einsemd, forelsking, overrasking).

  3. Finn eit eller fleire døme på positive måtar å handtere kvar av dei tre kjenslene de valde i oppgåve B, på.

  4. Finn eit eller fleire døme på negative måtar å handtere kvar av dei tre kjenslene de valde i oppgåve B, på.

  5. Ta for dykk døma på negative måtar å handtere kjensler på som de kom fram til i oppgåve D, og jobb vidare med dei. Tenk dykk at ein venn har gjort det til ein vane å handtere kjenslene på denne måten. Korleis kan de hjelpe vennen til å forandre vanen sin på ein realistisk måte?

Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skulen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2023