Kvar går grensa? #metoo og mediemakt - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kvar går grensa? #metoo og mediemakt

Er det greitt om nokon kysser deg eller tek deg på låret etter at du har sagt nei? Kva betydning har sosiale medium og nyheitsmedia hatt for korleis vi forstår seksuell trakassering? Set deg inn i saka og skriv ein fagtekst om mediemakt og #metoo.

#metoo-kampanjen

#metoo starta som ein kampanje i sosiale medium i oktober 2017. Kvinner delte historier om overgrep og seksuell trakassering og brukte emneknaggen #metoo. Dette har gjort det enklare å gi beskjed om overtramp, og mange organisasjonar har fått på plass rutinar for korleis dei skal behandle saker om trakassering på arbeidsplassen.

1. Diskuter: Kvar går grensa?

Kvinner og jenter over heile verda har støtta #metoo-kampanjen. Mange politikarar og kulturkjendisar har blitt avslørte for åtferda si og har måtta forlate stillingane sine. I Frankrike meiner nokre at det no har gått for langt, og at menn må få lov til å flørte.

Sjå teksta versjon på NRK TV: Urix 15. januar 2018.

Diskuter i grupper, gjerne på tvers av kjønn:

  • Kvar går grensa mellom trakassering og flørt?
  • Når skal vi seie frå om at noko ikkje er greitt?

2. Sjå videoen og søk på nettet

Sjå teksta versjon på NRK TV: Urix 15. januar 2018.

Søk på #metoo i ulike søkemotorar, avisdatabasar, avishus og sosiale medium. Finn svar og gjer dykk opp ei meining om desse spørsmåla:

  • Kva handlar dei siste #metoo-sakene om? Når er dei frå?
  • Kva vinklingar finn de i journalistiske saker om #metoo i media?
  • Plukk ut nokre kjelder som de set dykk grundig inn i, og presenter for andre.

3. Diskuter

  • Kva betydning hadde sosiale medium for utbreiinga av #metoo-kampanjen i 2017?
  • Kva betydning har tradisjonelt journalistisk arbeid for #metoo og seksuell trakassering?
  • Kva har mediemakt å gjere med #metoo-kampanjen? Kvifor må media passe på å balansere makta si i #metoo-saker?

4. Skriv

Skriv ein fagtekst med tittelen: "Mediemakt og #metoos betydning for individ og samfunn". Formuler ei avgrensa problemstilling og referer til kjelder i teksten.

Relatert innhald

Fagstoff
Søk på nett og strategiar

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2023