Oppgave
Kven er eg?
For å finne ut kven vi eigentleg er, må vi våge å sjå innover og avdekkje ulike sider ved oss sjølv. Vi er mangfaldige og rommar mange ulike eigenskapar. Men det kan vere krevjande å vise fram fleire ulike delar av seg sjølv.
Diskuter før de ser filmen:
- Kor mykje av kven vi eigentleg er, viser vi til andre?
- Kvifor prøver vi å skjule ulike delar av oss sjølv?
Kva konsekvensar kan det ha å skjule ulike delar av oss sjølv, på godt og vondt?
Svar på spørsmåla etter at de har sett filmen:
- Kvifor må vi sjå innover i oss sjølv for å finne ut kven vi er?
- Ifølgje Sondre Liverød er kjenslene våre signal som fortel oss noko viktig. Gi nokre konkrete døme på korleis kjenslene kan gi oss viktige signal.
- Kva meiner Sondre Liverød med at det indre livet vårt kan samanliknast med ein skuleklasse?
- Kvifor kan det vere skadeleg å undertrykkje og skjule ulike sider ved seg sjølv?
- Kvifor trur du det kan det vere sunt å ha ein mangfaldig identitet med mange ulike sider?
Jobb saman i grupper. I denne oppgåva skal de teikne eit identitetskart over ein person som rommar mange ulike eigenskapar og personlegdomstrekk.
- Finn på ein person på dykkar eigen alder. Bestem namn, kjønn, interesser og så vidare. Han eller ho skal ikkje likne på nokon i klassen eller ha nokon gjenkjennelege trekk frå andre de kjenner. Teikn denne personen i midten av arket.
- Teikn ulike sirklar rundt personen. Tenk at på same måten som det finst mange ulike typar og personlegdommar i ein skuleklasse, så består personen dykkar av mange ulike eigenskapar og personlegdommar. Fyll inn dei ulike personlegdomstrekka i sirklane rundt, til dømes det å vere omgjengeleg, temperamentsfull, innadvendt, ansvarsfull, humørsjuk, fantasifull, hjelpsam og så vidare.
- Gå deretter gjennom dei ulike personlegdommane éin for éin. I kva situasjonar, og saman med kven, kan han eller ho vise akkurat denne delen av personlegdommen sin? Grunngi svaret.
- Korleis trur de personen de har laga, kunne ha vist fram fleire ulike delar av personlegdommen sin? Kva for positive og negative konsekvensar kunne det fått?
- Reflekter til slutt over korleis de vil beskrive identiteten til personen de har skapt.