Oppgave
Kva vil du svare?
Kan ein 16-åring redde klimaet? Det kan vere fleire svar på dette spørsmålet.
Grunngi svara dine ved å vise til fagstoff om klima og klimadebatten, definisjonsmakt og retorikk.
Set gjerne opp argumenta dine i eit skjema som dette:
- Klassen deler seg opp etter kva for svar de vil gi:
- Dei som vil svare ja, går til eitt hjørne av klasserommet.
- Dei som vil svare nei, går til eit anna hjørne.
- Dei som ikkje veit, går til eit tredje hjørne.
- I kvart hjørne: Grunngi for kvarandre kvifor de valde å svare høvesvis ja, nei og veit ikkje.
- Éin frå kvart hjørne legg fram argumenta frå gruppa si. Lèt du deg overtyde av det dei andre gruppene seier, så byt hjørne.
- Har de fordelt dykk annleis no enn de gjorde før de starta på læringsstien? Kvifor / kvifor ikkje, trur du?
Tenk over kva du har lært, og om det vil påverke dine eigne handlingar framover:
- Vil du endre levemåte?
- Vil du delta i klimadebatten?
- Har du tru på at du kan gjere ein forskjell?
Diskuter spørsmåla med ein medelev og grunngi svara dine.