Kva er sportsvasking? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er sportsvasking?

Idrett er blant dei mest populære underhaldningsbransjane i verda. Derfor finst det somme som ser mogelegheita til å pynte seg litt med hjelp frå idretten.

Definisjon

Ifølge Amnesty International skjer sportsvasking når "stater arrangerer eller sponser store idrettsarrangementer, klubber eller organisasjoner for å avlede oppmerksomheten vekk fra menneskerettsbrudd som staten kritiseres for" (Amnesty International, u.å.). Denne definisjonen kan vi utvide, slik at han òg gjeld store selskap eller personar med ønske om å pynte på sitt eige image.

Mjuk makt

Sportsvasking er eit døme på noko vi kallar mjuk makt. I motsetning til når statar bruker hard makt, som militære styrkar eller økonomiske sanksjonar, handlar mjuk makt om kvardagslege, kulturelle fenomen som gjer at vi tenker godt om andre statar eller nasjonar. Dette finst det tallause døme på, som når styresmaktene i Kina gir pandaer i gåve til andre land for å betre det politiske samarbeidet, såkalla pandadiplomati. Eit anna døme er gastrodiplomati, som handlar om at styresmaktene i land som mellom anna Thailand, Indonesia og Libanon, bruker matkulturen sin til å "nå hjarta og tankane til menneske igjennom magen".

Tenk over

  • Kva for andre døme på mjuk makt kjenner du til?

  • Kva slags inntrykk har du av menneskerettane i dei ulike landa døma kjem frå?

  • Kjenner du til nokon norske døme på mjuk makt?

Kvifor driv nokon med sportsvasking?

Det er to mål som er typiske for politiske regime som ønsker å sportsvaske, og dei ulike regima fokuserer på minst eitt av desse. Det eine målet er å ta fokuset vekk frå menneskerettsbrot eller andre kritikkverdige forhold i landet og sørge for at landet deira blir nemnd i positive samanhengar, slik at dei får eit bedre rykte utetter.

Det andre målet blir ofte kalla "brød og sirkus" og handlar om kva politiske regime gjer for å unngå uro hos sitt eige folk. Tanken er at dersom ein sørger for at folk flest er mette og blir underhaldne, vil dei i mindre grad bry seg om kritikkverdige politiske tema. Sjølv om omgrepet sportsvasking er relativt nytt – det blei faktisk kåra til årets nyord i Noreg i 2021 – kan vi finne døme på dette så langt tilbake som i Romarriket.

Brød og sirkus

Uttrykket brød og sirkus kjem frå den romerske forfattaren Juvenal som i ein av satirane sine meinte at eliten heldt det undertrykte folket nøgd ved å dele ut gratis brød og arrangere "sirkus" – det vil seie gladiatorkampar og hesteveddeløp.

Fotball-VM i Qatar 2022

Merksemda rundt sportsvasking tok for alvor av her i Noreg i samband med kvalifiseringa til fotball-VM i Qatar. Qatar-VM hadde vore upopulært i store delar av den vestlege verda heilt sidan landet blei valt til vertsnasjon i 2010. Både meisterskapen, vertsnasjonen og det internasjonale fotballforbundet FIFA møtte skarp kritikk på grunn av korrupsjonsavsløringar i samband med avstemminga, Qatars manglande fotballtradisjonar, at meisterskapen må spelast på vinteren og etter kvart ei aukande merksemd på grove menneskerettsbrot.

Før kvalifiseringa til meisterskapen skulle begynne, kravde norske fotballsupporterar at landslaget skulle boikotte meisterskapen. Dette kravet blei ikkje møtt av Noregs fotballforbund, men landslaget markerte i staden kritikk av menneskerettsbrota i Qatar ved fleire høve undervegs i kvalifiseringa. Til slutt mislykkast det norske herrelandslaget å kvalifisere seg til Qatar-VM, og dermed blei tilsynelatande ikkje spørsmålet om boikott relevant likevel. Men viljen til å markere motstand var utvilsamt til stades og kom til å vekse i tida fram mot avspark 20. november 2022.

Motmakt: Kva kan du gjere?

Vi kjenner til mange døme på sportsvasking frå fotball, formel 1, sykling, golf, OL og nær sagt alle andre kategoriar av kommersiell toppidrett. Det sportsvaskarane, altså statane eller selskapa som ønsker å pynte på ryktet sitt, har til felles, er kva dei får for pengane dei bruker. Sportsvaskarane får ikkje berre eit godt utstillingsvindauge, dei får òg ei betydeleg mengde støttespelarar med på kjøpet. Når du som tilskodar eller forbrukar er bevisst på dette, kan du vere ei motkraft.

Organisasjonar som Amnesty International og Human Rights Watch har lenge jobba med å skape forståing for menneskerettar, men utan di og mi støtte manglar dei makt. Viss mange nok supporterar – du og eg – markerer misnøye mot sportsvaskarane, må dei til slutt forandre seg. Dette kan vi oppnå gjennom demokratiet ved å bruke ytringsfridommen vår, eller gjennom det kommersielle ved å gjere sponsorar bevisste på kva vi meiner om det som skjer. Viss noko blir opplevd som urettferdig, må nokon ta ansvar for å skape ei endring.

Kjelde

Amnesty International. (u.å.) Stå opp mot sportsvasking. Henta 9. mai 2023 fra https://amnesty.no/sta-opp-mot-sportsvasking

Skrive av Are Fridtjof Førsund.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023