Funksjonsmangfald - Funksjonsmangfald i skulen - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Funksjonsmangfald

Oppgåve

Funksjonsmangfald i skulen

Kva fordommar og forventningar møter dei av oss som har ei funksjonsnedsetting i skulen? Mange elevar og lærarar kan vere usikre på korleis dei skal ta omsyn til nokon med funksjonsnedsettingar. Reflekter over kva fordommar vi har, og kva vi kan gjere med dei.

Oppgåve 1

Før du ser filmen:

  • Kva trur du ordet funksjonsmangfald betyr?

  • Kva fordommar trur du unge med funksjonsnedsettingar kan møte i skulen?

Video: Unge funksjonshemmede / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåve 2

Sjå filmen og svar på spørsmåla

  1. Kvifor kan mange elevar og lærarar kjenne seg usikre når dei møter unge med funksjonsnedsettingar?

  2. Kva forventningar trur du personar med funksjonsnedsettingar ofte blir møtte med?

  3. Er det eit spesielt behov å vilje passe inn og kunne gjere det same som andre? Grunngi svaret.

  4. Kvifor trur du vi oppfattar somme menneske som “annleis”?

  5. Kva kan lærarar og elevar på skulen gjere for at alle skal kjenne seg inkluderte?

Denne oppgåva er laga i samarbeid med Unge funksjonshemmede.

Skrive av Maren Hagen Fuglesang og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022