Er grøn vekst mogleg? - Berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Er grøn vekst mogleg?

Fagartikkel

Berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål

Ved hjelp av FNs berekraftsmål skal vi arbeide mot ei meir berekraftig utvikling i verda. Kva ligg eigentleg i omgrepet berekraftig utvikling, og kva inneber FNs berekraftsmål? Det ser vi nærare på i denne artikkelen.

Berekraftig utvikling

Du har sikkert høyrt om berekraftig utvikling mange gonger allereie? Då veit du kanskje at det handlar om at utviklinga i verda skal tilfredsstille dei behova vi har i dag, utan å øydelegge moglegheitene for at kommande generasjonar skal få tilfredsstille behova sine. Det betyr at vi menneske som lever i dag, skal ha det godt og få behova våre dekte. Vi må berre ikkje gjere dette på ein måte som øydelegg for dei som kjem etter oss. Mange tenker kanskje framfor alt på natur, miljø og klima når dei høyrer omgrepet berekraftig utvikling, men det dreier seg om meir enn det. Vi seier gjerne at omgrepet berekraftig utvikling har tre dimensjonar.

Dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling

I videoen under får du ei kort forklaring av dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Miljødimensjonen

Miljødimensjonen handlar om å ta vare på naturen, som vi er avhengige av for å skaffe oss mat og ressursar. Klimaet er ein del av naturen og dermed òg ein del av miljødimensjonen ved berekraftig utvikling. Dersom vi skaper store klimagassutslepp eller øydelegg økosystem, kan det føre til store endringar i naturen som gjer det vanskeleg for oss å leve og bu der vi gjer i dag. Det vil òg kunne skape konfliktar oss menneske imellom dersom det blir mangel på ressursar.

Den sosiale dimensjonen

Den sosiale dimensjonen handlar om å sikre alle eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv. Det handlar om at alle menneske skal ha det godt. Då må vi utrydde fattigdom, jobbe for likestilling og sørge for at alle menneske har høve til å lage seg eit godt liv. God helse og tilgang til utdanning er òg knytt til den sosiale dimensjonen ved berekraftig utvikling.

Den økonomiske dimensjonen

Den økonomiske dimensjonen handlar om å sikre økonomisk tryggleik for menneske og samfunn. Det inneber mellom anna å gi folk i heile verda anstendig lønn for arbeidet sitt. I tillegg må ressursane i verda fordelast betre, og fattige land må ha ein økonomisk vekst. Vi må òg produsere og forbruke på ein betre måte. I Noreg i dag har vi altfor stort miljøavtrykk per person, noko som ikkje er berekraftig.

Tenk etter

Bileta over viser produksjon av elbilar og klede. Vil du seie at desse produkta er berekraftige dersom vi skal ta omsyn til miljødimensjonen, den sosiale dimensjonen og den økonomiske dimensjonen av berekraftig utvikling?

FNs berekraftsmål

I 2015 vart FNs medlemsland einige om å jobbe mot ei berekraftig utvikling ved å vedta 17 berekraftsmål. Desse 17 måla skal samla sett bidra til at verda blir meir berekraftig, og dei blir gjerne beskrivne som ein felles arbeidsplan. Under kvart av måla er det òg ulike delmål, 169 totalt. Eit viktig prinsipp ved berekraftsmåla er at ingen skal utelatast ("Leave no one behind-prinsippet"). Det betyr at måla gjeld for alle, og at dei skal fokusere ekstra på sårbare grupper. Det kan til dømes vere menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, religiøse minoritetar, etniske minoritetar eller urfolk.

Mål og delmål

Dei ulike måla og delmåla er laga på ein måte som skal gjere det mogleg å følge med på utviklinga. Her ser du til dømes utviklinga for delmål 3.2, som handlar om å redusere dødsfall blant nyfødde og barn under fem år. Dette målet ligg under berekraftsmål 3, som er "God helse og livskvalitet".

Når vi kan måle statusen for dei ulike berekraftsmåla, får vi ei betre forståing av korleis det faktisk går. Ofte går det betre enn vi får inntrykk av gjennom massemedia og sosiale medium, for desse har ei "k-slagside". Det betyr at dei ofte vel å fokusere på ord som byrjar på bokstaven k: krig, kaos, katastrofe, konflikt, kriminalitet og så vidare. Positiv utvikling skjer ofte gradvis og sakte og har derfor ikkje like stor nyheitsverdi. Biletet media gir av korleis det går i verda, blir derfor ofte negativt.

Dei 17 berekraftsmåla

I presentasjonen under kan du bla deg gjennom dei 17 berekraftsmåla.

Dersom du heller vil sjå alle måla samla i ei liste, kan du trykke deg inn på SNL-artikkelen "FNs bærekraftsmål – de 17 hovedmålene".

Tenk etter

  • Kva to berekraftsmål trur du Noreg skårar bra på?

  • Kva to berekraftsmål trur du Noreg skårar dårleg på?

Det er laga eit interaktivt kart med status for dei europeiske landa sitt arbeid med berekraftsmåla. Her kan du undersøke om gjettinga di om skåren til Noreg stemmer, og du kan følge med på utviklinga til dei ulike landa.

Kjelder

FN-sambandet. (2022, 11. mai). FNs bærekraftsmål. FN-sambandet. https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

FN-sambandet. (2021, 28. oktober). Bærekraftig utvikling. FN-sambandet. https://www.fn.no/tema/fattigdom/baerekraftig-utvikling

Koritzinsky, T. (2012). Samfunnskunnskap: Fagdidaktisk innføring (3. utg.). Universitetsforlaget.

Relatert innhald

Fagstoff
Bryllaupskakemodellen

I denne artikkelen blir du kjend med bryllaupskakemodellen. Han deler FNs berekraftsmål i ulike kategoriar og definerer nokre mål som viktigare enn andre.

Skrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2022