Diskuter berekraftige reiser - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Diskuter berekraftige reiser

Diskuter kva ein meiner med berekraftige reiser. Finn kriterium som de meiner må vere oppfylt for at ei reise skal kunne kallast berekraftig.

Oppgåve 1: Diskuter påstandar om berekraftig reiser

Ta utgangspunkt i diskusjonen over.


  1. Tenk deg om – kven er du mest samd med?
    Hugs at det ikkje er sikkert at nokon har heilt rett. Kanskje kjem det an på situasjonen og kva for føresetnadar ein legg til grunn?
  2. Diskuter i par – fortel kva du tenkjer om påstandane til ein annan.

    Gi ei grunngjeving for kvifor du er samd eller usamd i påstandane. Finn minst ei god kjelde som støttar grunngjevingane dykkar.

  3. Diskuter i klassen – "Er det mogleg å reise berekraftig?"

Oppgåve 2: Rydd opp i diskusjonen

  1. Ta utgangspunkt i diskusjonane de har hatt over. Finn de nokre kriterium som dei fleste er samde i at må vere oppfylt for at ei reise skal kunne kallast berekraftig?
  2. Flytt påstandane under til den kategorien som de meiner passar best.
  1. Bruk informasjonen på denne sida til å vurdere sorteringa av kriterium i oppgåve 2 på nytt.
  2. Gjorde de nokre endringar? Kvifor?
  3. Lag oppdatert liste over kriterium som må oppfyllast for at ei reise skal kunne kallast berekraftig.
Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022